Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 61
den vitugaste Fisken eg hev vori ute fyri. Men so er
han ikkje feit heller; Vit og Talg høyrer ikkje ihop,
som Vinje lærde oss. Men fin i Fisken er han, og
smakar framifraa.
Ja eg hev det godt her.
Ingin kann tru kor kry eg er av aa eige denne
Stogo i Garviklia. Men tenk kva det maa vera for ein
Heimlausing som eg —- ein Heimlausing som attaat
ikkje er fri for aa vera mannvond — aa hava eit Hus
som eg eig sjølv, og som ligg løynt uppi Fjell og Skog
som ein Huldregard! Denne Stogo her med Savalen
er det einaste i denne Verdi som eg er fornøgd med.
Og her kjem min sanne Natur upp. Skrive kann
eg ikkje. Det einaste eg hev Moro av er aa gaa i
Skogen med Øksi eller Spaden og hogge Tre og Ved
og rydja upp; det vert ikkje stort av det, Gubbær-oss;
men likevel! — Og so koke Mat. Trur du ikkje at
eg, som kvar Mann held for ein Literat, ubrukeleg til
all god Gjerning, — at naar det kjem til Aalvor so kann
eg koke baade Kaffi og Fisk og Hermetik og Jordeple
og Graut; ja Graut! Men ikkje Rjomegraut; den maa
ho Anne koke aat meg; og brenne Kaffi maa ho og;
ho Anne Svarthugu veit du, Kjeringi hans Ola. Og
ein Vedhoggar vert eg, so eg mest trur eg skal kunna
liva av det, um „Morgenbladet" ein Dag fær meg
avsett fraa Statsrevisjonen . . . naah! ikkje tenkje paa
„Morgenbladet".
Du kann tru det var fint her i Sumar. Um
Morgonen naar eg stod upp, og det var klaart Ver, so var
det noko av det fyrste eg gjorde aa gaa utanfor Glase,
paa den vesle Vollstubben millom Stogo og Koja, og
stire mot Vest; millom Furugreinine kunde eg daa
timja Rundane. Og saag eg at dei var fagre den
Dagen, so kleiv eg uppaa Take av Stogo; og der, øvst
uppe paa Møne, inn-ved Skorsteinspipa, kunde eg staa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>