Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
62
KOLBOTNBREV
i lange Stundir og glo paa desse fagre Fjelli. Det var
Stor-Runden og Diger-Runden eg saag, og ein til;
Mid-Runden trur eg. Aa! so skire og fine som dei
laag der; rolege og trygge, himilblaae, sylvkvite,
høgare enn alt! So overjordiskt fritt som dei lyfter seg
upp yvi alle Viddir og Høgdir! Soleis er det med
Stor-fjelle. Naar alle dei andre sluttar og gjev tapt, daa
fyrst reiser dei store seg, leikande lett som inginting
var, og byggjer seg upp i den solblaae Lufti som Slott
for ljose Gudar.
Eller um Kvelden naar eg lagde meg; Døri maatte
vera uppe; — og so liggje der og sjaa ut i ville
Skogen med Bar og Lauv so grønt og friskt som du aldri
ser det i Dalen; og so lata seg svæve av Bekken som
gjeng ned-gjenom den svale Lidi med si friske Sildring.
Og no ut mot Hausten. No vert Kveldane myrke;
stille og myrke; og Furutréi stend rundt Stogo høge og
svarte; men uppe paa Himilen med dei kvilande Skyir
ligg Maanen stor og gul og speglar seg i Sjøen, som
vert til berre bleikt skjelvande Gull og glytter inn i
Stogo til meg gjenom Bjørkelauv og krokute Greinir.
Daa set eg meg ved Aaren og gjer upp Eld, stor,
susande Eld, med all den Veden eg hev hoggi upp
utetter Dagen; og so kveikjer eg Pipa og tek meg eit
Glas 01; sit so der ved Varmen, som sprakar og leikar
og gjev Tankane Ro; daa kviler eg som eg aldri hev
kvilt fyrr. Ute susar det stilt og linnt av Bekkjer og
Sjøskvalp og Skogen som svævest — — ––-
Andre Breve.
Kolbotnen August 1886.
— Dessverre; det er som ein Tev av Kristiania her
au. Rundt Savalen, der berre Troll og Fjellbøndar og
Sætergjentur og Kyr og han Ivar og eg skulde hava
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>