- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
63

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 63

Løyve til aa ferdast .... og so Ekorn og Fugl og
imillomaat ein Bjørn .... rundt denne same Savalen
bur det Byfolk! Ingi Lykke paa Jordi skal vera heil.
Korleis det no kann hava seg.

Men eg hev gjort det eg kann til aa arge og skræme
desse Byfolki; det reine Flagge blakrar yvi Fjellstogo mi.
Norskt Flagg utan svenske Fargar, det er for
Kristiania-Nordmannen det same som Krossen for Fanden; naar
han ser det, rømer han.

No hev me daa den kjære Politiken vaar her uppe
paa Dovrefjell likso vel som i Byen. Paa den eine
Sida av Sjøen bur Intelligensen — ein Professor, ein
Grosserar og inne i Lomsjødalen ein Apotekar —, og
paa den andre Sida, Vestsida kann du vita — bur
dei radikale. Det vil segja han Ivar og eg.

Ja for han Ivar hev au ei Stogu her uppe. Han
bur noko nordanfor meg; burti Sandvika, innunder
Savalkletten, burt imot Bjørneheimen. Ei stor gild
Stogu paa ein vid ven Sætervang hev han; men han
bur der sjeldan, og Stogo hev kje noko Namn.

Her ein Kvelden var han hit-hjaa meg; og me sat
fleire saman. Han Ivar baud daa ut ein Premi til
den som kunde finne paa eit godt Namn ti! Sætri hans.
Daa sa gamle Ola Svarthuga, at han meinte Sætri
kunde heite Nordpolen. Det lika han Ivar ikkje. Men
me andre lo; og eg er stygt rædd for at Stogo hans
Ivar vert heitande Nordpolen etter denne Dag. Dermed
vert han sjølv heitande Ivar Nordpolen, eller paa
Østerdalsk med Dativ: Ivar Nordpola. Men det skal du
ikkje segja til honom, naar du vil vera hans Vén. Han
vil nok heite det som gildare er, han; gjeng han kje
her og lurer paa aa kalle seg upp etter sjølve Savalen:
„Ivar Savala" (Savalen i Dativ)! — Det vøre Namn
det for ein teologisk Kandidat!

Men no kann han faa heite „han Nordpols-Ivar" no;
det kann vera til Høves aat honom som hev sett dette
stygge Kolbotn-Namne paa Garviksætri. For eg ser at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free