Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
64
KOLBOTNBREV
det nyttar kje kva eg segjer: Stogo mi vert heitande
Kolbotnen, den. Og lat ho det!
Namne skjemmer ingin.
Det er fleire Kristianiafolk enn det plar vera her
uppe i Aar. Burti Straalsjøaasen, paa Gala, hjaa
Gard-sen, er der eit heilt Bøie av deim; tri Kvinnfolk og
so ’n Halvor; og deim kann eg ikkje skræme med
reint Flagg dessmeir; for dei er raude som Hin-Karen
eller som eg sjølv. Dei fleste av deim daa. Den
verste er ho Hulda, trur eg. Men ho skal til Amerika
til Hausten ho, som rimelegt er; dei plar ende der,
desse radikale.
So leikar me „Byfolk paa Lande" her uppe; held
smaae Danselag, eller sit i Kolbotnen halve Nætane
og spelar Whist og drikk Kaffitoddy. Men stundom ber
det til Fjells. Med Kaffikjélen og ein Nistepose legg
me paa Viddi den ljose Sumarnatt; gjer so upp Eld
under ein stor Stein; sit og held Kaffikvild og snakkar
Snakk og ser utyvi den bleike Sjøen med sine
skog-myrke Holmar.
Um Dagen held eg meg inne og strævar med den
nye Boki skal bli, — ei fæl Bok. So vert eg leid og
gjeng burt i Straalsjøaasen og høyrer um Posten er
komin.
Eller eg ligg paa Sjøen og fiskar. Eg hev ikkje
noko gode Fiskegreidur, og Vére er so midt i Lag; det
vil gjerne vera for kaldt. Og rett som det er stend
Tronfjell med Skoddehatt. Nokon Fiskar er eg ikkje
heller, um eg skal fram med Sanningi. Stundom er ’n
Halvor med; han er glupare, han, og hev betre
Fiskelykke. Det hender at Kvinnfolki au er med. Dei fær
Napp kvar Stundi kann du vita. Men naar dei skal
draga inn, er det kje noko. Dei er saa nervøse, desse
Kvinnfolki.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>