Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 65
Storfuglane er her i Aar au.
Men Stuten som elte meg so ifjor er burte. Han
var vel av dette nye Vinstrelage, kann eg tru,
"Ofte-dølerne", Bondeprestpartie; og dei likar ikkje reint
Flagg, dei heller. Han vil vel ikkje det skal spyrjast i
Fjosom at han gjeng paa Helsing til ein Europæar og
Kristianialiterat; det kann vera fule Fantar lel, slike
Fjellstutar.
Men Kyrne er meir truskyldige; dei vitjar meg ender
og daa. Eg høyrer fyrst ei Bjølle burti Lidi; so er
det Nasing og Snusing rundt Stogo og ustød,
skeivlande Kutakt: Klauvir som sleng hit og dit, og
haar-klædde Kne som knufflar inn mot kvarandre, heile
denne rare toflande Takten av gangande Kyr, veit du;
daa er dei her. Kva dei vil? Aa, der er alltid ein
li tin Grasdott her og der som dei kann hava Hüg paa:
men Sanningi er at dei vil hava Salt. Utanfor Døri,
ikring Dørhella, steller dei seg upp heile Flokken. Der
stend dei og ventar, tölmodsame som Mobben naar han
ventar paa Kongen; stend og glor og svingar paa Halen
høgtidslege og aalvorsame; rundglor; han maa vel koma
no snart; endaa slike Karar plar ikkje vera
klokke-plente. Stig eg daa ut paa Dørhella, med ei Tvaare i
Handi kanskje, liksom til Kongsstav, og den store blaae
Reiseluva til Krune, daa glor dei Augo ut or Hausen
paa seg mest; slik Syn hev dei aldri sétt. Men daa
dei ikkje fær Salt — der er lite Salt i Kolbotnen i
Aar —, so roper dei ikkje Hurra; so mykje Vit hev
dei daa.
Dei berre driv paa og stend. Svingar paa Rovune
og stend. Dei tenkjer vel som so, at litegrand Ære
maa det vera i meg au, so eg gjev deim noko Salt
til Slutt, berre dei gjev Tol og ventar. Men forstend
dei at inkje Saltvon finst, so snur dei den andre Enden
til meg og kastar paa Nakken; nei enn han, Di! Kva
tru slik ein Kristianialiterat skal vera til, naar han
ikkje vil straa Salt for oss?
5 — Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>