Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
66
KOLBOTNBREV
Og so ruslar dei, og svingar høgt og svivyrdeleg
med det som dei hev i den attare Enden. Kanskje
stanar dei ned-i Bakken, — um eg endaa skulde vilja
tenkje meg um og gjera det godt med deim. Men so
set dei paa Sprang; hyfser i Veg paa si Ku-Vis; hiver
paa Hovudi med all den Vanvyrdnad som dei kann
leggje i slik ei Rørsle; skeivlar av Stad, med Klauvine
slengjande hit og dit og haarklædde Kneknokar
knuff-lande inn-mot kvarandre.
Han Ivar er her uppe stundom, ja; og me kjem
ikkje so verst til Lags, endaa han elter meg utruleg
med sine mange Paafynstr, og endaa han hev skrivi
so mykje rart um meg i „Fedraheimen".
Tingen er vel den at han hev havt so vidt mykje
aa gjera med norske Maalfolk og Fridomsmennar no,
at han au tek til aa bli mannvond. So vill som eg er
han ikkje enno; men det kjem full’, skal me sjaa; lat
’n berre bli so gamall som eg er!
Aa ja; eg eldest no. 36 Aar; Haare feil og Mode
feil; hev det vori skralt med Gjentelykka fyrr, so vert
det nok ikkje betre heretter.
Men det var han Ivar, ja. Her skal du sjaa ei
Lysing som han hev sett upp nord-etter Vegen til
Nordpolen — han finn seg i Namne lel; han hev tenkt
seg um og ser at Motstand vil vera faafengd —; paa
alle dei Stuvar og Stokkar som i Skogen finst hev han
spikra Lysingi upp; og den viser etter mi Tru at han
er langt paa Veg til aa aa bli olm av seg:
„Fredlysing.
Vonde Stutar, Bukkar og Kvinnfolk, Gneldrebikkjur,
Ranglefantar, Tjuvar og Kjeltringar maa ikkje koma til
Nordpolen.
Inkje vondt maa koma til Nordpolen.
luar Mortensson Savalct."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>