- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
67

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 67

Guten tek til aa faa Nervur; det er greidt det.

Um elles denne Lysingi kjem til aa hjelpe noko
veit ikkje eg. Kannhende ho kann hjelpe for Stutar
og Bukkar og Bikkjur; men visst er det at ho ikkje
hjelper for Kvinnfolk; tvertimot. Nei; no skal dei
nettupp til Nordpolen dei, baade Fyrkjur og Fentur;
dei kjem dragande baade fraa Foldalen og fraa Tynnset;
desse burtpaa Straalberg vil eg kje nemne; dei bryt
inn i Nordpolen um han Ivar ikkje er heime og, dei.
Og ingin veit kvar det kann koma Kvinnfolk ifraa til
Nordpolen no; heilt fraa Paradise av hev Kvinna havt
denne Hugen til aa gjera nettupp det som var henne
strengeleg forbodi. Um Ranglefantar let seg skræme
kann au vera uvisst; i alle Fall driv eg der burte rett
som det er. Men Tjuvar og Kjeltringar vonar eg visst
vil halde seg burte. Det kann ikkje løne seg aa
upp-daga Nordpolen for deim; noko aa stela er der daa
visst ikkje. Det skulde einast vera eit Pylseskinn
kanskje, eller ei Tomflaske. Dessutan hev han
Ivar laant Revolveren min; so kjem det nokon ved
Nattetid no, so smell det; og daa kann ingin vita kvar
Kula gjeng.

Kolbotnkveld. Klokka er 9. Ute er det svart
som i Avgrunnane. Det hev regnt i Ettermiddag;
store side kvitnande Skyir heng ned yvi alle Fjell som
Huldrehattar. Og ror du ut paa Savalen, so vil det
vera so villt og fælt ikring deg, at du vil tru deg
midt inne i Lovgjevingi paa Sinai.

Men Ivar og eg er inne, me.

Kom du inn gjenom Døri no, so vilde du rett imot
deg sjaa ein stor Eld loge paa Gruva; urolegt Ljos
og urolege, flakkande Halvskuggar leikar rundt Stogo;
dansar frametter Veggine; skjelv upp-under
Tak-Raf-tane; det glimar i Krus-Ty og Mjølkespand burtpaa
Matborde og i Rekkja; det nye gloraude Gardine mitt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free