- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
68

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

KOLBOTNBREV

lyser i Eldskine og gjer heile Stogo varm; lengst ’oak,
attum Skorsteinen, i „Gjestekammerse", er berre myrkt,
med einkvar uviss Ljosken flimrande innetter ender
og daa, paa Lag som Nordlys-skimmer.

Gryta heng paa Skjerdingen; Meiningi er at me
skulde hava Havregrynsgraut i Kveld. Det finst ikkje
anna til Mat i Kolbotnen no; men det beste maa vera
godt nok. Det er Gjestebödskost heime paa Jæren
det; Jolaftanskost; „Grønagraud" kallar me det; og
enno tykkjer eg det er noko med det beste eg kana
faa. Han Ivar fær au tekkjast med Grønagraud, um
han so er fraa Kaksebygdom.

Det er eg som stend ved Gruva og rører i Gryta;
eg er klædd som ein Skogmann og heit og arg; dette
-her vert det aldri Graut av, murrar eg og bannar.
Burt-ved Skriveborde, det lange smale raudmaala
Skriveborde med blaa Kant som eg kaupte burtpaa
Straal-berg i Forfjor, sit ’n Ivar og bryt sitt haarsnaude
Hovud jammerleg; han skal hava „Fedraheimen" full
til um Laurdagen, men hev ikkje „Mat til Guten".
Jauvisst hev han, veit du; der er nok aa skrive um i
Bladi no, baade den nye liberale Regjeringi med sine
tvo Sverdrup’ar, og den svenske Unionen, og
Bjørnstjerne Bjørnsons Maal; men ’n Ivar hev alle sine
Greidur liggjande i Nordpolen; og til Nordpolen kann
ingin koma. So i Kveld daa. Og no veit han ikkje
kva han skal finne paa til aa laga ei Spalte um. Noko
hev han i Lümma; men det er ikkje nok; „og so er
det berre noko Tull," segjer han; — „hev kje du
noko?" — „Eg hev eit halvt Kolbotn-Brev." — „Aa
skriv det heilt og gjev meg det!" segjer han. — „Eg
kann ikkje," svarar eg; „eg hev gjengi mange Dagar
og kann kje finne paa noko." — „Aa, du finn nok
paa. Skulde eg kje kunna finne paa so mykje som
til ei Spalte!" — „Ja prøv," meiner eg. — „Aa, du
er ein —!" —- „Nei det er sant. Det eg tenkjer
mest paa no um Dagen er noko Tull, som daa visst

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free