- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
69

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 69

ikkje skal i Bladi." —• „Set meg paa noko daa!"
segjer han og riv seg i det Haare som han ikkje hev.
Eg rører i Gryta; han held like eins paa med sitt.
„Kom og koka denne Grauten for meg daa," segjer
eg; „so skal eg skrive ei Spalte aat deg lel, eg." —
„Ja," set han i og slengjer Pennen; „men ikkje for
mykje gali!" — „Eg skal skrive berre Vas; og det
er slikt Folk vil ha, veit du; men kom fort; Grauten
kann svide; her er heitt som i . . . som paa den Staden
der du trur at eg skal brenne ein Gong." — „Aa
din —. Kom og skriv! Eg skal nok greide Grauten."

— Ja; no er det han som stend der burte og rører
i Gryta, og eg som sit og riv meg i det Haare som
eg (mest) ikkje hev, og skal gjera ferdugt dette Breve.
Det var heitt der burte ved Gryta; men laga ei Spalte
av inginting er ikkje heller greidt; i Grunnen vilde
eg heller koke Grønagraud. Men no stend han der
burte so stød og stiv som eit Troll; tegjer som Steinen
og berre ventar og krev; og um eg gjer meg Ærend
der burt og finn paa eitkvart aa prata um, so berre
rører han i Grauten og minner meg um Kontrakti mi;
„fær kje eg Spalta av deg, so svider eg Grauten for
deg!" — og hit att lyt eg.

Naa ja! — det skulde daa vera som baade hin og
den, um ein tjugeaars Bladmann ikkje skulde kunna
laga eit Spalte naar det kneip; her er ho, tenkjer eg!

A. G.

Etterskrift av han Ivar: Me vart jamskjote,
Kar; for no er Grauten og ferdug.

Skal eg fortelja heile Sanningi, so er det elles ikkje
fyrste Gongen eg hev koka Graut i Dag; eg totte
gjerne han Kroppen1 kunde ha spandera lite Ros paa
meg for Middagslage eg heldt for han i Dag, eg.
Han var so matlaus at han visste kje si arme Raad;
so fann han paa det at me skulde ut og fiske; men
eg skyna vel det var Meiningi at han berre vilde

1 o: Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free