Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
70
KOLBOTNBREV
entre seg nordigjenom til Polen og sjaa um det fanst
Matsaai der; — og jamenn laga eg kje til Risengraut,
Kar! Eg fann nokre Gryn slengde nedi ei gamall
Tobaksdaase; og so fann eg ei Spikjepylse som Musi
berre hadde halv-eti, og ein gamall Kakeskalk; ein
halv Flatbraud-Leiv gav eg ’n endaa med seg heimatt;
— han var hard, Leiven ; men det var daa den einaste
eg hadde. Men sjaa alt dette hev han kje nemnt det
Slag um; han berre gjer Narr og snakkar um at der
ikkje er noko aa stela der burti; aa, eg veit nok kven
som stal eg, dersom der fanst aldri so lite! — Men
det snakkar me kje um det. /. M.
Etterskrift No. 2: Aa, ver kje vond, Gut; no
skal du faa Mat; og sidan Toddy so mykje du vil
drikke. A. G.
Tredie Breve.
August 1887.
Ja mi Sæl vart eg avsett fraa Statsrevisjonen. Og
det var ikkje Christian Friele som gjorde det, men
mine egne Stortingsbøndar — med sine Prestar. Ja
ja. Det er den nye Fridomen, ser du.
Fridomsmen-nane styrer; kva skal me med Fridom daa?
Sume segjer eg vart avsett for di at eg ikkje var
kristeleg; det er kje sant; eg var likso kristeleg no
som daa eg vart innsett. Andre segjer det var av di
eg hev gjevi ut „Mannfolk"; men det er ikkje heller
sant. Hans Jæger skreiv „Kristiania-Bo’némen", han;
men enno er han Stortingsreferent1. Nei; men eg
hadde i seinare Tid skrivi eitt og anna um
Sverdrup-styre, og um Stortingsbøndane med sine Prestar; skjellt
for dei ikkje gav Kielland Diktarløn; ylt for at dei
lagde Forbod paa „Albertine"; og daa alt dette var
1 Vart avsett sidan. (Merknad 1890.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>