Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 71
noko som eg etter Grunnlovi hadde Rett til, — so tok
dei fraa meg Matbiten.
Som rimelegt var; kvi skulde dei kje det? Kvi
skulde dei töla Kritik naar dei hadde Magti? Det er
ikkje mange Tyrannar dessmeir som töler Kritik; so
var det kje ventande at Fridomsmennane skulde tola
han, naar dei hadde Magti!
Og den hadde dei. Eg stod aaleine paa
Schak-brette. Hadde korkje Bøndar eller Figurar til aa verja
meg. Dei kunde slaa meg trygt — med Bonden sin.
Og dei slog meg.
Det gjekk stilt og fint som dei hadde tenkt. Ein
kunde tru, at naar ein norsk Borgar vart straffa med
„Embedsfortabelse" for di at han hadde livt etter §
100 um Prentefridom, so vilde dei fridomselskande
Nordmennar bli fornærma; — ja du hugsar kor me
staaka i Kiellandssaki og Albertinesaki. Men ingin
vart fornærma. Den store Fridomskjempa som i
Kiellandssaki hadde vori so god og djerv, tagde; eg høyrde
kje til Hirden. Bohémen tagde; eg høyrde kje til
Ringen. Mine gamle Vénir i Bladi tagde, eller
halv-tagde. Christian Friele skar Tennar og lo. Oftedølane
skreiv i sine Blad: „Forfatteren av den svinske Bog
„Mannfolk" er fjernet fra sin Stilling som Statsrevisor."
Eg hadde skrivi Mannfolk; eg vilde innføre
Fleir-gifte. Men no vilde det norske Folk hava Eingifte; og
det frie Ord vilde me hava i vaart frie Land, men
ikkje for andre enn deim som heldt paa Eingifte. Skulde
§ 100 gjelde for ein Polygamist? Nei Død og Pine.
Eg fekk liggje paa mine Gjerningar; § 100 fekk sova
i Guds Namn.
— Dette forstod nok ikkje du, „Fedraheim"; for eg
tykkjest hugse at du var arg og gav vondt. Men det
kjem du til aa svide fyri. Eg, som hev lært, skal ut
av min dyre Visdom segja deg eit Ord; eg skal kviskre
det i Øyra paa deg so ingin høyrer det: d’er Magti
som raar, sa Guten, dengde Katta.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>