Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
72
KOLBOTNBREV
Hev du høyrt det fyrr? Naa; dess verre for deg,
som ikkje hugsa det.
*
— Sant aa segja, Gut: eg er litt flat.
Seks-aatte av mine dyraste Aar hev eg sumla burt
med det verste Tull, for at desse Fridomsmennane
kunde koma til Magti. No, daa eg trudde at eg minst
maatte vera likso fri som fyrr til aa tenkje og tala,
set dei meg paa Dør for di at eg hev livt etter § 100.
Du kann gaa no, Far; ser du kje at me hev vunni?
— segjer Demokratane.
Tenk, tru paa Fridomsmennar. Hev du høyrt slikt?
Og tru paa Folke? Hev du høyrt slikt?
Folke vil kje ha Rett. Det fekk ikkje Rett heller.
Christian Friele fekk Rett. Og det fekk han, av di
han var ein gamall Podagrist som forstod Verdi.
Haldt Munnen din, „Fedraheim"! Tru som du vil;
liv som du vil; men haldt Munn! Dette er Fridomen.
Ein Ting vil Folke takke deg fyri: at du læt det faa
Fred til aa vera under Pisken. Ein Ting vil det
hengje deg fyri: dersom du vil gjera det fritt.
Kva skal Bonden med Fridom ? Han gjeng til
Presten og segjer: kjære, bind Hendar og Føtar paa
meg, Far! Kva skal Presten med Fridom? Han gjeng
til Altare og bøygjer seg for eit Stykke Tre: bind
Tanke og Vilje paa meg, Herre! Og Ferischen bind
Presten, og Presten bind Bonden, og Bonden bind
Lovgjevaren og Lovgjevaren bind oss alle; men i
Løyndom spottar me vaare Band ; i Løyndom drikk me
Vin og ligg med Kvinnfolk og segjer: desse toskute
Bøndane.
Dette er Fridomen, den sanne og høge Folkefridom.
Aa! kor eg forstend mine Uvenir no. Eg tek Hatten
av meg for Christian Friele som forstod Folke. Men
mine Venir bør upp i Verdi og hava Pengar og Magt;
mine Venir bør inn i Statsrevisjonen alle.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0080.html