Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
74
KOLBOTNBREV
Pengesorgine tok til aa koma etterkvart; og so er
det desse Gjentesorgine ein Ungkar jamt skal hava aa
dragast med. Ja; for no daa eg hev misst det meste
av Haare mitt, og tri Jekslar, og dertil mitt gode Namn
. . . no var det ei som tenkte at dette kunde vera
noko aa gifte seg med. Og daa eg etterpaa alt hadde
misst Posten min vart det reint gildt; ho kunde ha
fylgt meg til Byfuten med same!
Dei er so nervøse, desse Kvinnfolki: ho vilde vel
demonstrere mot Stortinge paa sin Maate. Men . . .
men . . .
Naaja; so forstend du korleis det kann vera.
Tankane held seg paa sin Kant dei; og du kann tru eg
hev skrivi Kolbotnbrev nok, um eg ikkje nettupp hev
sendt deim til „Fedraheimen".
Men no lid det so langt at eg snart skal til Byen
att. Og so fær eg ruske ihop eitkvart til deg au, for
Skam Skuld. Eg kjem ikkje ut i Dag kor som er;
det er so stuslegt med Vére.
Dagen etter.
Eg hev havt ein vond Dag.
Stod seint upp og hadde Hovdaverk. Vermde upp
den Kaffien som var att fraa igaar; aat ein Brødskalk
hard som Kork; innbilte meg at eg var mett; kveikte
Pipa og vilde gaa ut; so kom han Kristoffer med
Posten.
–-Ho gjeng der inne og lid vondt. Me hev vist
oss so og so mange Gongir paa Gata. 1 Kristiania gjeng
Mennar og Kvende paa Gata saman so mykje dei vil;
men dersom ein og den same Karen gjeng tri Gongir
etter kvarandre i Lag med det eine og same Kvende,
so bør han helst lyse Festarmaal. Gjer han ikkje det,
so er det ho som fær lide; dei andre Damune tek til
aa draga Stakkane ihop um seg, naar dei møter henne
paa eit Fortaag eller i Teatre.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>