Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 75
Kvinnfolki er endaa meir vonde mot kvarandre enn
me Karfolk. Me hatar kvarandre; dei vanvyrder
kvarandre. Me sputtar aat kvarandre; dei spyr av
kvarandre. Ingin veit kva Vanvyrdnad er som ikkje
hev sétt tvo Damur sjaa nedetter kvarandre naar dei
andgjengst paa Gata med kvar sin Herre under Armen.
„Isj, so kokett ho er. Isj; gjeng ho og fiskar etter
honom no? Ve! unnt! Han kann alltid vera god nok.
Han er kje klokare; han kunde gjerne finne paa aa
taka henne. Jøss for ein Kjole. Undrast paa um han
ser at det berre er Halv-Ull?"
— Ho skriv at den og den gamle Véna ikkje
helsar paa henne lenger. Den og den hev sagt det
og det. Der og der hev dei rødt so og so. Ho bryr
seg ikkje um aa sjaa Folk lenger. Ho stengjer seg
inne paa Kote sitt upp-i Professorbyen og les Brevi
mine; ho kann so godt vera dei andre forutan.
Litegrand sjukleg er ho; men det nev inkje paa seg; det
er det vanlege, berre noko verre. Ho tykkjer eg
skriv paa ein Maate som eg ikkje burde; eg tek so
reint i Miss av henne; men ho berre gjeng og lengtar
etter Brev likevel. Stundom vert ho so faavis; set seg
til aa graate; i lange Ridir . . . det er inginting . . .
Ho er i Grunnen berre so lykkeleg. O. s. fr.
Det vert tomt i Hovude mitt og tungt for Bringa.
Tankane stanar og set seg ned. Det kann ikkje nytte;
der er ingin Utveg; naar ein ikkje kann samle alle
desse luktande Smaadyr under Styvlehælen sin og traa
deim sund —. Men Blode gjeng. Eg hatar gjenom alle
Aarur; gjenom Nerveveven frasar heite, hastige
Sinne-flagur, som sloknar att under tunge Atterbaarur av
Modløyse.
Inginting aa gjera. Inginting aa gjera. No hev eg
ikkje noko aa setja Hus med heller, — um me skulde
vilja tenkje paa det. Og Gud veit um eg fær noko.
Min gamle Kjenning Bladstyraren baud meg 100 Kr.
Maanaden for fast Post; det er kje noko aa setja Hus
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>