Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
76
KOLBOTNBREV
fyri. Og Bladstræve vil taka meg heilt. Øyde mi
Arbeiskraft; tulle meg reint burt. Fara til Hunds for
100 Kr. Maanaden ... og endaa ikkje faa til aa gifte
seg paa . . . jau-jau!
Eg lagar meg „Middag": Spikjekjøt, Braud, ei halv
01. Røykjer; skriv Brev. Det lid paa Dagen. Eg
fær ut og drive ei Stund; er hugsjuk og leid; Luft kann
turvast. Det hev vori sturt og tungt heile Dagen.
Utrivlegt; Himilen full av flakkande Skyir som sanka
og spreidde seg; kvit Skoddehatt paa Trona. No set
det seg meir og meir til i Aust. Det er svart yvi
Aasane; Skoddehatten paa Trona hev vorti ein
uhorveleg Skysekk som gøymer halve Fjelle. Nordetter,
mot Tynnset, svartnar det like eins. Det er eit fælt,
tungt kolblaatt-svart, som i Riftine millom Skylagi
skifter yvi i blaagrønt, ein underleg sjuk Farge midt
imillom havgrønt og flaskegrønt. I Nord og Vest
ljosare; jamt graatt; gul-dæmt her og der.
Ender og daa kjem det ein litin Vindstøyt; so vert
det stilt.
Eg gjeng upp Lidi og kjenner meg aaleine i Villmarki.
Det myrknar. Eg ser paa Klokka; kannhende lid det
lenger enn eg veit. Klokka hev stana. Det er som
eg ved dette vert endaa meir aaleine. Som eit Lik
ligg Klokka og tyngjer i Vestelümma mi; eg er det
einaste bankande Hjarta i denne veksande Natti.
Det snikjer seg ei Kaldrædsle yvi meg. Eg tenkjer
paa henne, men kann ikkje tenkje i Samanheng.
Tankane vert fælne; rømer ifraa kvarandre og søkjer ihop
att; driv som Skyine deruppe; sprengjest; samlar seg
i myrke, tunge Flokar som kastar djupe Skuggar nedyvi
Heilen min.
Ender og daa kvekk eg upp av at det er so stilt.
Eg ser meg ikring og kjenner meg utrygg.
Sjøen der nede ligg graablank og tung som Bly. Eg
er rædd Lomen skal skrike burti Skölholmen; hans
Heile: Hjerne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>