- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
77

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 77

Draugeskrik vilde skræme meg no. Kva er det eg er
rædd? — Eg raar ikkje heiltupp med meg.

Austhimilen svartnar og svartnar; alle Skiftingar av
Svart er der: ljost graasvart, tungt graasvart,
likkiste-blaasvart, halvgrønt-blaasvart; eg saag aldri slikt. Men
fraa Nordvest stend det liksom ein Ljoske, ein uhugleg,
unatturleg Ljoske; det er ikkje Skin av Sol og ikkje av
Maane; det er som Himilen attum Skylage stod i Brand.
Slike Fargar var det i mine rædde Barndomsdraumar
um Domedag.

Burt-yvi Skogbotnen stend den gule Reinmosen og
glor underleg i denne Ljosken, dauvbleikt raudvori; det
er som Vaksljos-skin yvi Andlite paa eit Lik. Stutte,
harde Vindkast kjem; ruskar i Skogen; slepper att og
er burte; det vert kyrkjestilt, stilt liksom Skogen stod
og heldt Pusten. Eg held Pusten sjølv, stanar, lyder;
er det noko? er her noko i Vente? — Den gule
Ljosken i Nord aukar og legg eit underleg daudt Skin
yvi alt. Austhimilen svartnar; blaasvartnar.

Noko Regn kjem dettande, hardt, kvasst; so er det
burte att. Og Skogen stend og lyder; og eg stend og
lyder: skal det hende noko? Kva er det? — Ikkje eit
Blad rører seg. Ikkje ein Fugl . . .

Eit fælt, braadt Vindkast kjem; ruskar i alie
Tretoppar; døyr. Eg ser uppi den gule Nordvesthimilen
og vert fælin. Snur; best aa koma heim att. Dette
maa bli eit Vér som aldri hev vori fyrr.

Eg gjeng so fort som eg kann, men stilt, stilt liksom
rædd eg skal vekkje eitkvart. Gjeng og ventar; skvett:
no bryt det laust; no kjem det . . . Lufti er mett
av Elektricitet; eg er tung og varm; Hjarta mitt
pikkar som i ein Fuglunge.

Midt nedi Lidi er eg komin; daa blenkjer det fram
or Himil og Jord - braakvasst, brennkvasst — eit
Hav av Eld, blaagul, blaakvit, Verdi full av Eld; eg
stend der blind og fortumla. Hjarta kvelver seg rundt
uppe i Halsen paa meg; fyrr eg fær samla meg att

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free