- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

KOLBOTNBREV

bryt Tora ut i ein fæl Smell, ein skakande, ein
Grunn-smell, so Jordkula liksom gjev seg paa Aksen sin.
Brake breider seg burt gjenom alle Himlar, med Skrell
og Skot, i lange, skakande Rullingar, i tvere, bratte
Sprang; jagar skangrande og brultande frametter
Aas-ryggine med Smelling og Brot mot Bergsidur og
Berghamrar og ramlande Atterslag fraa Hausar og høge Fjell.
So sturtar det ned, fossar, susar, sjoar med Regn;
Hi-milen slepper seg ned i braa Flaum, i vill, skræmeleg
Syndflod. Og laust gjeng det med Skimt i Skimt og
Smell i Smell; det er Ragnarok; eg spring som for
Live.

Stengjer meg inne og kveikjer Ljos. Gjeng uroleg
att og fram, uviss um kvar eg helst bør vera um Tora
skulde slaa ned her. Det varer lengi. Eit Helvites
Staak; Brak i Brak, Rulling og Ramling; Lufti er full
av Gudar og Jøtnar som slæst, stangast med dundrande
Horn og harde Skallar; kastar etter kvarandre med
Torekilar og brestande Granitfjell.

Eg sit og skjelv i mit Skinn som eit Skogdyr i Hola
si, men er glad likevel; for dette er veldigt. So skal det
vera; med Ofse og Ovrike; Gud mot Gud, Troll mot
Troll; like godt kven som vinn eller taper. Og det
trafsar og treskjer med Regn; kannhende det er gode
Gydjur og Gygrir som vil tryggje Verdi mot aa taka
Eld . . .

Endeleg dreg Uvere seg burt. Sistpaa høyrer eg
berre som ei døyande Rulting langt burte i dei
burt-lengste Nutane inn-yvi mot Sverig.

Regne held paa. Men Lufti er lettare. Eg gjer upp
Varme paa Gruva; kveikjer eit Ljos til; drikk eit Glas
Kognak; tek til aa faa Mod. Jøss for Smaatull det er,
alt det me gjeng og syter og harmar oss fyri her ned
i Dalane! Ein Statsrevisorpost! Litegrand Folkesnakk!
— Berre Magtine uppi Lufti tek seg ein Dans er det
gløymt. Fred vere med min Ettermann Klokkaren!
Fred vere med den Kristiania Dygd! Herregud, lat

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free