- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
79

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 79

dei snakke; dei treng um det. Ein skal elske sin
Næste, stend det; skulde me ikkje unne desse
matleide Stakkarsting der inne so mykje som ein litin
Skandale til aa kose seg med?

Men ute i Skogen susar det langt og tungt, av Regn
og Vind, av Bekkir og Bar, som ei Verdenssorg.

Ja denne Skogsusen. Denne lange, ævuge Tone av
Tre som svingar i Vinden; av Bekkir som aldri vert
trøytte; av Einundfossen i sitt myrke Djuv; av
Høg-fjellsvinden upp-um Toppane paa einslege Tindar som
sting seg upp i Himilen og spyrr kva dei skal staa her
for i dei lange Verdsens Tidir!

Jamt naar eg sit her aaleine i Stogo mi, og det lid
paa Natti, og det sloknar paa Gruva, og ute regner det
og blæs og er myrkt og sturt, og den vaate Vinden
gjeng tung gjenom Lidom, — daa kjem det rædde
Tankar yvi meg; eg ventar aa sjaa Synir: bleike Andlit
som stirer inn gjenom Ruta, med langt vaatt Haar ned
etter likbleike Vangar; Draugar og Skrymt; Far min
som eg ser um Nætane i urolege Draumar; Gjenta
mi som kanskje i denne Stundi ligg i Fjorden og døyr,
trøytt av aa gaa og traakke millom alt dette Kryp som
sulkar henne tii med Augo fulle av liderleg Dygd og
Munnar fulle av Søyle ... Og eg høyrer Læte
og Ljod rundt Stogo mi; tunge Stig som stanar og
gjeng; smaae flakkande Rop som kjem burt; og stundom
gjenom Skogsus og Bekkjedur syngjande Røystir som
stig og sterknar og døyvest, og Graat, Kvinnegraat.
Barnegraat, rædd, skræmd, kvævd Graat som døyr;
lange forvillande Tonar, Visetonar, Gravsalmetonar som
Vinden ber att og fram og eg veit kje kvar dei kjem
fraa. Eg vert fælin; skundar meg i Seng og snur meg
til Veggen; breider meg godt ned.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free