- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
80

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80

KOLBOTNBREV

Kolbotnen stend paa same Staden som ifjor. Savalen
bugtar seg blaa og blank millom Øyar og Skog-nes
ut-yvi og ut-yvi som daa. Tronfjell stig barmbreid og
akselsterkt ende upp i Sky som daa, sveipt i blaa
Luft som i eit Stykke Himil. Der er slik Trygd i
det. Hende alt som hende vil; her uppe er Verdi den
same.

Og aldri hev Lidi vori fagrare enn no etter alt dette
Regne. Ho er so frisk at det er eit Bad berre aa sjaa
ho. Og so reinvaska og kvit som Mosen stend. Der
er ingin Blom i Verdi so fager som denne biomlause
Reinmosen. Tak upp slik ein litin Dusk og sjaa vel
paa han; du skal aldri ha sett slikt. Det er som eit
ørlite fint Tre med mange hundrad Greinir slyngde i
kvarandre; det finaste Filigransarbeid; vidunderlegt. Og
so Fargane. Lint rjomegult med ein uendelig lett Tone
av ungt grasgrønt, eller med ei mjuk Skifting i
mose-brunt; djupt graafiolett med Tonar burtimot blaatt,
stundom meir imot raudt. Men kjem du uppi Myri, so
stend Molteblomen der, festleg og kvit millom saftgrøne
Blokkur.

Svart Furu og ljos Bjørk vekslar uppetter Lidi; det
er gamle, stive Ungkarar og unge mjuke Møyar som
stend og ser paa kvarandre og finn ut at det er best
aa liva kvar for seg. So forvaagar ein seg ikkje.

Og Hubroen sit svart og tagall og frys uppi
Furu-greinerne og held med deim. Hu, hu; best aa vera
aaleine. Daa kann ein sitja paa ei Grein og glo, og
undrast paa Folk, og vera Visdomsfugl. Hu, hu. Aldri
kann du sjaa noko so einslegt og syrgjelegt som denne
svarte, stille Fuglen. Endaa naar han flyg er det som
han var rædd; han flyg utan Ljod, kvævt og stilt som
ei Skinnvengje.

— Vesle Katt-Ula er der meir Liv i. Gjeng eg i
Kveldingi paa Sætervegen her uppi Lidi, so kann ho
koma hoppande ned paa ein Greinstubb beint imot meg;
lett og kvik og snøgg kjem ho hoppande, heilt ned

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free