- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 81

mot Hatten min, so nære at eg mest kunde naa henne
med Handi; med livlege snøgge Kattungefaktir set ho
seg til aa studere meg. Ho ser og ho ser; skygner
og ser; snur paa Hovude og ser; tøygjer paa Halsen
og ser; stirer og snur seg og spyrr og undrast —:
nei men i Jøssu Namn, kva kann dette vera for ein;
kva vondt hev han gjort som gjeng her i svarte
Skogen aaleine?

Det er ei Drøsekolle fraa Bygdine, dette; ho hev
det so ant, og Kjeften gjeng. Men Hubroen er
Nida-ren fraa Byen. Roleg og vyrdeleg sit han i Kroken
sin og segjer ikkje meir enn han veit; eller han flyg
fraa Krok til Krok og orsakar Folk, meiner og talar
vel um alt og tek alt i den beste Meining. Det vert
fortalt so mykje, segjer han; men me skal ikkje tru
det. Aa nei; me skal ikkje det. Dei lyg no alltid
Helvti. Det er visst bra Folk baade han og ho. Ja
henne hev eg ikkje høyrt noko um endeleg, korkje
vondt eller godt, so Gud veit. Men Herregud, um no
so var; kva skil det oss? Kann ikkje dei liva som dei
vil; sakar det oss kva dei tek seg fyri? Elles var det
vel best for deim um dei gifte seg no snart; hm. —-

Storfuglane mine hev eg ikkje sétt i Aar; er det
nokon som hev vori ute og skoti deim skal han faa
med meg aa gjera. Det smell ender og Gong inni
Fjelle um Dagen, so ein kann tru kva ein vil; Folk
hev det i seg fraa den Tidi dei var Fe, at inkje noko
fagert skal faa liva. Drepa ut, drepa ut; livlause
Skogar og fiskelause Sjøar; etterkvart maa Skogen og døy,
so berre svarte Heidi er att; daa fyrst er Kongen yvi
Skapningen nøgd med sitt Arbeid. —

— Det hev, som du forstend, vori graaruski med
Vere i Sumar, Regn og smaakaldt jamt og samt; men
stundom er her klaart; og daa er her klaarare enn
andre Stadir i Verdi. Daa kliv eg uppaa Husmøne mitt
og stirer paa Rundane.

ü — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free