- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
82

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82

KOLBOTNBREV

2. Husiiv.

Fyrste Brev.

Kolbotnen, Januar 1888.

Gode „Fedraheim".

Ja; no er eg flutt tilfjells for Aalvor.

Og du er komin etter! — Velkomin til Tynnset, fær
eg segja; og godt Nyaar! Maatte du trivast her. Maatte
du vekse og feitne. Maatte dine gamle Venir vera
trufaste mot deg; og gjev du fekk mange nye Kjærastar
paa det nye Aare!

No lyt du sjaa innum paa Kolbotnen og, naar du
fær so og driv. Eg ser nok du kallar Huse mitt for
Legdestogu og meg for Husmann; men er du den du
hev vori, so ser du nok innum lel.

Eg hev kje noko aa bjode paa; det er kje for det.
Jolebrennevine er uppdrukki; og vil du hava deg ein
Røyk maa du sjølv halde deg Pipe og Tobak. Men
ein Kopp Husmannskaffi kann du faa, um du vil
tekkjast med det; og so skal me spela Whist med
Blindemann; og innimillom skal me baktala vaare Venir
og leike Ulveleiken med Sjapa.

Og so skal du aldri ha sétt so vent som det er her
no! Sümaren, stakkar, er reint graa han, reint
armodsleg, mot all den Glans me no liver i. Det er som
dette breide, rolege Lands-Lage her treng Vinterglimen
yvi seg til aa faa sin rette Storleik.

Ja for Lands-Lage er ikkje mykje skiftande. Det
eikje Vestlandsfjell med Braastup og himlende ville
Tindar; allting er jamt og rundt og stødt og godt
under-bygt. Det hev aldri Hast; skvett aldri til med braae
Tiltak eller store Sprang; Østerdalen er som Østerdølen:
„me fær no sjaa daa!"

Men smaatt som det gjeng veks Lande seg stort
med Tidi. Aas byggjer seg upp yvi Aas og Vord yvi
Vord; er der so til Slutt eit godt breidt Grunnlag som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free