- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
83

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 83

ser ut til aa kunna staa ei Stund, so kanskje tek det
til aa muna seg upp i Høgdi. Og langt, langt inn til
Fjells kann det so hende det vinn seg upp. Der er
HøYr og Høgdir som kunde bera Himilen i si rolege
Kraft; og finn det daa paa aa kvesse seg til Tind, so
vert det Tindar som kjem i Geografien.

Yvi all denne storlagde Ro breider Snøen seg fast
og fin, so Høgdir og Kvelvar og lange Sjøar er som
hogne og skorne i Marmor. Og yvi desse
Marmor-viddir gjeng Soli og Maanen og alle glitrande og
knitrande Stjernebilæte med tusundskiftande Glans.
Glans av Eld og Glans av Gull, og skjelvande blaatt
Stjerne-Skimmer; og so Glans og Glim i alle dei
finaste Skiftningar og Millombrøyte, so du veit korkje
Likning eller Namn.

Men burt-yvi den maanekvite Botnen stend Skogen
svart og trollsk. Han breider seg i vide Moar og
tøygjer seg frametter Aasane i lange grésne Lidir som
eit stridt, stivt Skjegg, kvitsprengd og uhorveleg.

Idag er det graatt. Fin turr Snø seller seg ned fraa
eit lett Skyslør som dreg seg yvi all Himilen, men som
det her og der ljosnar i, so me kann vente Sol i Dag
au. Fin Snø drysjande lett og stilt ned gjenom graa
Luft er festlegt; mot dei svarte Furune utanfor Glase
vert det som ein Draum aa sjaa, — ein florlett,
kvervande Morgondraum.

Lufti er so mjuk liksom; ein ser burt-yvi Aasane
og tenkjer paa Linnver.

Alt Folk trur me maa frjose ihel her; men nei; de
vert ikkje so snart kvitt oss. Det kann vera
Kulde-gradir nok; men so rein er Lufti at ein kjenner deim
ikkje. Berre i sjølve Joli var det kaldt her; men daa
var det og so det knistra og knaka i Veggjom. Stakk
ein Hovude ut gjenom Døri vart ein kvit baade paa
Haar og Skjegg, graakvit som Jolelufti.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free