- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
84

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84

KOLBOTNBREV

Eg gløymer aldri den fyrste joledagsmorgonen her;
daa var det kje naadigt. Korkje Kjeringi eller eg hadde
Hug til aa staa upp; me drog Skinnfelden upp-yvi dei
kalde Nasetippane og ynskte me kunde sova æveleg.
Ho Sjapa laag innunder Sengi og aat paa Filtskorne til
Kjeringi; eg skreik og skjellte, og Kjeringi lokka; men
Sjapa heldt paa med sitt ho, gnog og gnog til dess eg
vart vond; so gløymde eg Kalden og flaug upp; inn
under Sengi; fekk Sjapa i Nakken; dengde ho; flaug
so paa Døri og hivde ho ut . . . eit kvitt Gov stod
inn mot meg gjenom Dørgape. Eg berga meg aat
Sengi; so tek Sjapa til aa kvinke og jamre seg
utanfor Døri; ho vil inn att. Men neigu um eg rikkar
meg! — Vov . . . vovvv . . . vovvv . . ., kvinkar
Sjapa; eg gjer tjukke Øyro. Vovv . . . vovv . . . vovvv
. . . Fanden til Dyr! — ikkje Fred aa faa paa ein
heilag Jolemorgo heller. Sistpaa vil Hulaa upp; daa
maa eg i Veg, veit du. Men Juling skal ho hava, det
Asen! (Sjapa; berre Sjapa.) Eg riv upp Døri; kom
no, skal du faa! Men Sjapa forstend meg; ho skvett
undan, — og langt ut-i Skogen. „Naa’n! so skal du
faa gaa der til Domedag!" kvæser eg og krabbar upp-i
Sengi att. Sjapa til aa klore paa Døri og kvinke og
smaagøy: vovv . . . vovvv . . . vov . . .! „Statt du
der til du frys ihel! det skal vera meg ei sann Glede!"
Eg skjer Tennar der eg ligg; „kvi kom ho kje daa
Døri var uppe!" — Vovv — vovv — vovv — vovvv
. . . „Gakk til Bloksberg." — Vovv — vovv — vovv
— vovv . . . „Asen! Ubeist!" eg flyg upp og til Døri
att, brennsinna: „naah! kom, Asen! kom no daa,
Stakkaren! kom, Sjapa! kom, Bisken!" — eg gjer meg so
blid i Mæle som eg kann; for eg ser ho trur meg
ikkje. „Ja daa; kom no, Bisken; kom no daa; —
Satan der du er!" Sjapa rømer berre ho ser meg.
„Ja so skal du frjose ihel! — so sant eg er Mann i
mitt Hus!" — Hoppande av Kalde rømer eg aat Sengi.
Sjapa paa Døri att, jamrande og kvinkrande. „Nei no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free