- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
85

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 85

fær eg prøve," segjer ho Hulda; „Sjapa er rædd deg."

— „Aa lat ’a staa." Nei; Hulda krabbar upp; kulsar
og hustrar; fær Døri upp: „kom no, Bisken!" Sjapa
inn som ei Pil, ein Rakett . . . Kjeringi aat Sengi
att. „Huff! — huh!! Nei, i Dag fær me liggje yvi!"

Ei Stund etter høyrer me tunge Stig som knakar
ut-i Snøen. Det tek i Døri; han Ola stig inn, kvit av
Rim, med Isjoklar i Skjegge. „Goddag," segjer han;
„og gledeleg Jol." — „Aa Takk. Deg det same, Ola."

— „Naa; de er i Live, ser eg?" — „Aa, so vidt." —
„Ja det er kaldvori i Dag." — „Varmt er det ikkje!"

— „Nei; det er kje det. Det er . . . reint ... ein
stygg Kalde i Dag, ja. Og so tenkte eg, eg skulde
sjaa hit . . . um det kunde vera noko travalegt kanskje
aa faa det varmt for Dykk i Dag." — „Ja vil du gjera
Varme upp aat oss, Ola, so skal du ha Takk!" — „Aa
ja; du veit det lyt feil’ bi ei Raad med det, sj’u!"
Han Ola gjer upp Varme; me ligg og ser paa. So ber
han inn Fangan etter Fangan med Ved, klinkande
Bjørk, og legg paa Elden; sistpaa er det eit stort,
brakande Baal som ein kunde brenne ein Fritenkjar paa.
Og so gjeng han. „De fær berre liva so væl no daa,"
segjer han.

Ei Stund etter er det so vidt at me vaagar oss upp.
Alt som i Hytta finst er frosi, Vatne i Bytta, Mjølki i
Fate; Vindauga er berre Is; Dagsljose vinn seg kje
inn; me kveikjer Lampa. Etter Kaffien tuller me oss
inn det beste me kann og set oss til aa spela 101;
men me maa slutte att; me frys so paa Føtane.

Det er elles ikkje kaldt enno; ut mot Vaaren er det
verre, segjer Folk. Daa skal det vera harskt her sume
Tidir. No klarar me oss til vanlegt godt. Han Ola
hev vori snild og laant oss Komfyren sin; og endaa
denne Komfyren ikkje er stort større enn eit
Strykejarn, so gjer han god Nytte saman med Peis-Elden.

Nei; det er ikkje kaldt. Sjølve Bekken held seg
opin; det er elles Uppkomevatn. Undrast paa kva By-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free