- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
86

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86

KOLBOTNBREV

folk vilde gjeva meg for den Bekken, naar Vatsrøyrar
og Kranar frys for dei der inne, og dei gjeng og steller
og tiner og smaabannar og ikkje kann faa Vatn til
Morgonkaffien? — Men no kann dei hava det so godt.

Eg kom til aa tenkje paa Bekken, av di Kjeringi
kom og jaga meg ut etter ei Vatsbytte. Du veit koss
dei er, desse Kvinnfolki; eg maatte i Vegen, eg. Det
er nok det som er mitt Yrkje no: aa bera Ved og Vatn
aat Kjeringi; — ja; og so er eg Uppassar for Sjapa.
Kvar Gong ho segjer „vov!" maa eg vera til Svars;
eg kunde gjerne kalle meg „Kammertjener" hjaa denne
„Høihed". So du maa kje tru eg hev maklege Dagar
just; det er berre so vidt eg fær Stundir aa skrive
jamvel til deg.’

— — Var det kje det eg sa! Der er Soli. Stor
og bleik kavar ho seg fram gjenom Graaleiken med
døyvd Glans; og der! -— der er alt det fyrste Stykke
blaa Himil.

Aa ja; me likar oss best naar det lettar upp,
veit du.

Daa er det Luft daa, tindrande rein, klingrande
frost-klaar; og Soli bryt Ljose sitt gjenom dette Krystalhave
i alle dei endelaust skiftande Liter, fraa døyvt
morgon-blaatt ti! um Kvelden gloende raudt.

Ja; for her ved Savalen h e v me Sol. Ned i Dalen,
ei halv Mil herifraa, er det heile seks Vikur dei ikkje
ser ho; men her er det anna Slag; her er ho jamvel
uppe tvo Gongir um Dagen.

Og det fær ho Stunder til endaa ho held baade sein

1 Her stend det i Kanten med Blyant:

„Aa jau; du maa tru han hev det stridt! Er det kje rart med
denne Mannen: han kann elles vera for det han er; men berre
han fær Pen i Hand, so er der kje eit sant Ord i han.

H."

(Merknad av Setjaren.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free