- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
87

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 87

Morgon og tidleg Kveld. So sein Morgon held ho, at
no i Joletidir hev jamvel eg stundom vori uppe fyri
henne. Det er berre eit Par Dagar sidan eg var uppe
um Morgonen og saag etter Soli, men fann ikkje anna
enn ein ut-rangla Morgonmaane, som var kje stort
likare enn ein vanleg Kristianiamaane aa sjaa til. Ja
og so den høge graae Morgonlufti daa, med her og
der ei sloknande Stjerne.

Ein maa gjeva Tol ut til Klokka tie eller so, vil ein
sjaa Soli paa Kolbotnen. Daa tek det til aa kveikje
seg att-i Aaskanten burtum Sjøen ut-imot Trona; fin
ljos Morgonrode ligg og gløder og gløder mot skir,
blaa Snø, til dess det kveikjer seg upp i bleik
Gullglans og straalar fram yvi Himilen og ut gjenom Verdi
at no er det Dag! Og Dagen strøymer fram gjenom
Dalar og Djuv; og det vaknar vest i Rundom. Daa er
det so friskt at daude kunde vakne; og Snøen paa
Høgdine glimar i raudt.

So arbeider Soli seg upp yvi Bergryggen med den
eine Kanten. Vinn seg smaatt um Senn upp med
heile Skiva. Glid fram yvi Lomsjødalsskare vinterkald
og stor. Laagt sigler ho fram yvi Aasane.

Og Himilen lyfter seg frostblaa og høg; det er so
klaart at ein ser Furugreinir teikne seg filigranfint
paa den luftblaae Grunnen milelangt burte. Og Aasar
og Fjell stig fram i den snø-ijose Dagen som modellera,
i alle sine fulle breide Formir og i alle sine fine faste
Drag; det er ikkje Flatur lenger; alt er Likam,
Runding, Plastik; det er kvite veldige Gudekunstverk meisla
for Ævords Tidir.

Der uppe paa skinande Marmorhøgdir, under høg
Himil, i dette Hav av Blaatt og Soltindring, leikar
kvite Aandir i Dans som ingin ser. Det er fredlyst
og fredstilt. Helg yvi Viddine. Høgtidsfred.

Rundane blaanar nede i Vest, snøklædde fraa Toppen
til Foten. Du stirer paa deim til du gløymer deg sjølv.
Det er Lande austanfor Sol og vestanfor Maane; der

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free