Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
88
KOLBOTNBREV
flakkar Æventyrprinsen um og skyt Sylv-Ændar,
drøymande um den fagre svikefulle Møy i dei jordiske
Dalar.
Men naar Soli kjem so langt som eit Stykke
vest av Professor Guldberg, so er der ein Aas som er
henne for høg, og som ho ikkje kann faa under seg.
Der smetter ho seg daa attum; og so hev me Dag
utan Sol i Kolbotnen.
Naar ho kjem fram att andre Gongen er ho
kveld-svevnug og raudøygd. Glyrer daudt og kaldt; er ikkje
med lenger. Og det legg seg som ein raud Skugge
yver Snø og Skog.
Men i den Stundi ho glader held ho ei straalande
Høgtid. Ho logar upp so Luft og Skyir vert Eld;
Blod og Eld; Purpur; og Elden sloknar av til Gull;
og Gulle raudnar og vert Kopar; men Koparen døy vest
og vert Bronse, og Bronsen ljosnar av i Violett eller
Sylv. Det er Glans etter Glans, Gliming yvi Gliming,
i Fvrstningi skinande sterk, men dimmare og finare
for kvar Skifting; sistpaa dovnar alt av i fine, kalde
Blaalitir som gjeng yvi i veike Skiftingar av graablaatt
og graatt; og so er det Natti.
Her ein Dagen var Kjeringi og eg som vanleg ute
og gjekk. Inntulla i’ alt det me aatte av Klæde arbeidde
me oss ut yvi Sjøen paa Ski, som tvo svarte
Smaa-Troll paa ein Isbré; Sjapa tvinta og trilta ikring
oss i Snøen som eit glinsande mjukt svart Silkenøste.
Daa me kom glidande heimatt gjenom Sunde nordanum
Holmen, gladde Soli. Der ute i Vest, yvi dei
sylv-blaae Rundane, kveikte ho ein Allheimsbrand. Lengst
nede eit Lag med skinande Grønt som eit glimande
Metalskjold; yvi det grøne, og ikring det, Lag yvi Lag
med straalande raudt, fraa blodmyrk Purpureld lengst
nede gjenom linnare og linnare Gliming upp-etter, til
dess heile det forunderlege Farge-Æventyr toppa seg
av og folna burt i skjelvande fine Lilla-Litir og
Violett-skimmer; rundt om alt dette ei tett Rand av myrk,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>