Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
90
KOLBOTNBREV
eit Grand kjende fraa fyrr av au me. Ho var ikkje
noko sers um det i Fyrstningi. Men eg lokka for
henne og kytte og smaalaug; og sistpaa nemnde eg
Sjapa. „Du fær kje anna aa gjera enn passe Sjapa!"
— det maatte hjelpe. Det visste eg; for slik som
desse Gjentune for og flaug etter Sjapa der inne —
Bikkjekvalpen min du veit — det var meiningslaust
reint. Og so snart Sjapa var nemd, saag eg strakst
at ho Hulda tok til aa tenkje paa Tingen. „Mja —
sa ho og drog fælt paa det; „du segjer kanskje noko
lel du." — „Men fyrst maatte eg vita kva du kann,"
sa eg; eg vart kry no, daa eg forstod at eg hadde
Gjentelykke. „Ja det kann du alltid faa vita," svara
ho; „eg kann laga fjortan Kjøtkakur av den Deigen
som andre berre fær sju av." -— „Kann du det?"
spurde eg. — „Ja det kann eg," svara ho. — „Ja daa
ser eg at du høver aat meg," sa eg; „det var nettupp
slik ei Kjering eg skulde ha, ser du. Det kunde falle
seg fælt godt det mang ein Gong upp-i Kolbotnen . . .
ja der er Mat nok, veit du! det hev aldri vanta Mat
i Kolbotnen. Men likevel, ser du —. Ja slær du til
daa?" — „Eg frys vel ihel der uppe?" spurde ho.
„Nei; du skal faa døy av gode Dagar," kytte eg; „og
elles veit du at Dauden skal ei Orsak hava." — „Ja
det var eit sant Ord," sa ho; og so gjekk me til
Byfuten.
Men daa eg so ein Dag her uppe bad henne laga
fjortan Kjøtkakur av Deigen til sju.......
Aa me toskute, toskute Mannfolk!1
— Det var ein graasur Dag, Bryllaupsdagen vaar,
ein Kristiania Desemberdag av rette Slage. Eg budde
i eit gamalt Trehus upp-i Pilestræte, i tvo smaae
myrke Kot; der gjekk fraa Morgonen av Brur og Brud-
1 Blyantsmerknad i Kanten:
„Ja er det kje som eg segjer! Verre Ljugarfant — — isj!
H."
(Setjaren.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>