- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
91

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 91

gom og pakka Kuffertar. Klokka tolv kom Markus
Olivarius Markussen og ein til; so læste me Døri og
gjekk. Kristiania laag og kava i Desemberskodda og
hadde ingin Draum um at noko stort skulde hende.

Brur og Brudgom i Kvardagsklæde og tvo Mann til
stig inn paa Kan tore hjaa Byfuten. Ein litin Kantorist
kjem: „hva ønsker De?" — „Tak . . . denne Dame
og jeg vilde gjerne bli viet." — „Vers’god; vil De gaa
der ind ... saa kommer Byfogden." — „Tak."

Ein halv Time etter gjekk me ut att same Vegen,
og hadde no Brev paa at me var gifte. Og det er
Breve det stend paa, veit du. Fyrr hadde me vori
syndige; no var me reine som Gull. Og det hadde
ikkje kosta meir enn 5 Kronar og 36 Øre. Avlaate
var so billegt at me totte me hadde Raad til aa gaa
til Gravesen og faa oss Middag.

Dit gjekk me, heile Bryllaups-Lage, og aat vaar
Middag millom dei andre Middagsgjestine. Me tok ein
Dram til Maten og rødde um laust og fast; millom
anna fekk me Mark Oliv til aa fortelja meg kva
Ægtefolk hev aa gjera naar dei vil fraa kvarandre att.
„Den beste Raad for Folk som vil fraa kvarandre er
Utruskap," lo Mark Oliv; og me lo alle.

Daa Middagen var fraa-seg-gjord gjekk Brur og
Brudgom heim i Pilestræte att og pakka Kuffertar.

Klokka nie næste Morgonen var me med alle vaare
Tølur umbord paa Toge som skulde til Øysterdalen.
Det ringde og peip; Døri vart stengd; me gjorde lang
Nase til Kristiania og sa „Bæ!" — og i Veg bar det.

Farvel, du dygdesure,
du dygdearme By!
Me dreg tilfjells og byggjer oss
eit Reir uppunder Sky.

Me dreg tilfjells og byggjer oss
eit Reir uppunder Sky;
Farvel, du dygdearme,
du dygdesure By!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free