- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
93

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 93

det kjem eit Vindkast slær Røyken inn. Døri maa
upp rett som det er; heile Vinteren inn; — „frisk
Luft kann me daa hava her!" — Endeleg er Kaffien
ferdug. Me stend i vaare Pelsar og drikk; med
blaa-raude Hendar, trampande med Fetane. „Aa ja; men
det bir feil’ likare snart." — „Ja du kann vita det
blir likare." Han Ola og ho Anne gjeng; so er me
aaleine.

Det vert Kveld. Det meste av Tye vaart stend paa
Auma; me kunde kje faa det med oss i Dag; no
vantar me mange Ting. Men verst er det med
Seng-klæde; det som heng att her fraa i Sümar er for lite.
„Naa; me fær bruka Pelsane." ■— „Aa ja; me hev
alltid Klæde nok." Ho Hulda reider upp og fyller
Sengi med alle dei Klædefillur ho kann finne. „Det
greider seg nok." — „Ja det skal nok greide seg." —
„Og so er me tvo, veit du!" — Eg ligg burti Gruva
og blæs; det kokar og sjoar i den raae Veden. Og
rett som det er slær Røyken inn og driv meg burt.
Me gjeng og steller i full Vinterbunad. Sjapa flyg ut
og inn og gøyr paa Skogen.

Endeleg kjem me so langt at me kann eta til Kvelds:
kald Nistemat og halvvarm Te. So kryp me ihop
ikring Gruva og drikk Toddy. „Velkomi heim daa,
du!" — „Velkomin heirn!" — „Det bi feil’ likare."

— „Aa ja, du kann vita det blir likare." — „Me skal
nok faa det koselegt her, naar me fær det i Stand."

— „Ja; me fær byggje Skorsteinen eit Par Fot høgare,
so det blir meir Drag i han . . ." — „Og stelle paa
Komfyrpipa, so ho kjem til aa gaa meir rett upp . . ."

— „Og faa heim noko Turrved . . ." — „Aa ja; det
skal nok bli bra." — „Aa ja daa. Og tenk so godt:
aa faa vera so reint for oss sjølve!" — „Ingin aa bry
seg um; ingin som er i Vegen . . ." — „Aa ja; og
so vera tvo um alt!" — —

Toddyen vert kald. Me drikk han ut i eit Drag og
krabbar i Seng, halvt paaklædde. „Det er det gode

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free