Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
94
KOLBOTNBREV
at me er tvo." — „Ja-" Me dreg oss tett inntil
kvarandre. — „Det er verst for Sjapa, stakkar." —
„Aa, frys ho, so hoppar ho upp-i Sengi til oss." —
„Aa ja; so mykje Vit hev ho vel alltid."–
–Det sloknar paa Gruva. Fraa Tak og Veggir
stend det kaldt. Det dreg og det iser; Kaldgufsar
stryk oss yvi Panne og Kinn som Kjæling av daude
Hendar.
Morgonen etter er det Snøstorm. Det driv gjenom
Skogen som eit graatt Hav; yvi den islagde Sjøen
dansar Snøkvervlar i vintergraa Luft som Skrymt og
skræmde Draugar. Gjenom Lidine yler det og skrik;
Trei svingar seg paa Roti og knarkar og knakar; det
høyrest inn til oss som Havsus og Baarebrak.
Eg ligg i Gruva i tvo Timar og skal faa upp Eld.
Det vert berre Røyk; — upp med Døri. Kjeringi
grev seg so djupt ned i sine Fillur som ho kann.
Sjapa flyg att og fram og dreg paa Sokkar og Sko og
slær sund Glas og Koppar. I Natt hev ho gjort styggt
paa Golve; det ligg Haugar og Klattar etter henne
burt-yvi all Stad, frosne til Is; eg hev baska ho upp
for det men er arg enno. Stundom set ho seg
burt-til meg ved Gruva og ét paa Tofline mine. „Aa dra
til Helvite, Dyr!" — „Uf nei, ikkje slaa henne,
stakkar," bed Hulda; „ho er so lita. Kom hit til
meg, Sjapa. Kom, Bisken! Kom no daa, Stakkaren!"
— Sjapa triltar burt til Sengi, og ho Hulda tek henne
upp til seg. „Ja-ja; det er der Meining i," segjer eg
og freistar aa vera blid; „Sjapa er god og varm, ho.
Phø—ø, phø—ø, phø—ø, phø—ø ..." — „Naa daa,
Sjapen! Skikkeleg no! ikkje eta upp Feiden min!
Naadaa! — stygge Dyr! — vekk! •— ned med seg!
— Fy!" — Sjapa kjem vaggande burttil meg att og
gjev seg til aa gnaga paa Tofline mine. „Aa dra
til –-!" —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>