- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
95

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 95

Endeleg brenn det. Kjeringi ris upp og tek til med
Kaffien, inntulla i Pelsar og Sjal. So held me Dugurd
ved Gruva; med Borde er det for kaldt.

Eg sveiper ikring meg mitt store Skjerv og vaagar
meg ut etter Vatn.

Me slit oss fram fraa Dag til Dag.

Det snear og det snøar. Stormen hev slutta og det
er stilt; men det drys og drys med Snø so me trur
mest det er Fimbulvinteren.

Me ser ikkje lenger enn nokre Famnar fraa Huse.
Himil er her ikkje; berre eit Hav av graatt som feil,
eit Hav av Dun som kjem glidande og kvitnande, til
dess ho stilt og lett legg seg ned burt-yvi
Skog-grunnen og vert til kvit, blaanande Duk.

Det ser ut som me skal snøe ned her. Fraa Morgon
til Kveld inkje anna enn dette lette, tette, kviskrande
Fall av Snø; Snø so langt me ser; Snø heilt upp til
Himils. Eg sit ved Gruva og ser ut gjenom Glase
paa all denne Snøen som glid og glid i lange Stripur
ned gjenom Lufti og sveiper den svarte Skogen inn
som i ein tett graa Eim; til Slutt innbiller eg meg at
eg sit innunder ein Stein paa Havbotnen, og at dette
kvite som glid og glid, det er eit Nett som han
Fiskaren der uppe læt sige og sige . . . sige og sige
. . . til aa fange dei Par Fiskane i, som hev gøymt
seg burt her ned-i det stride Sjøgrase.

Snart er alt kvitt. Alle Tuvur er gøymde under
alnedjup Snø; alle Steinar er burtkomne, alle
Aas-toppar yvibreidde; me kjenner kje Lande att.
Furu-trei hev Barkostane sine fulle av Snø og ser ut som
dei paa alle sine Toppar og Kvistir bar fin, kvit
Bomull i Smaadottar.

Utanfor Døri kann me kje koma utan paa Ski.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free