Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
96
KOLBOTNBREV
Men me hev nok inne aa gjera.
Pargase vaart hev me fengi upp ifraa Auma; og no
gjeld det aa koma i Skikk. Eg slær Spikrar i alle
Veggir, so me kann hava aa hengje upp paa, og
Hyllur her og der, so me kann hava aa leggje paa.
Det vert fullt all Stad, paa Hyllur og i Krokar; det
er naar ein skal flytja at ein fær vita kor mykje ein
eig. Alt me ikkje hev serlegt Bruk for stuver me
ned i Kuffertar att; eg dreg det paa Kjelke yvi Sjøen
til Nordpolen.
Men me fær Bruk for meir av vaare Fillur enn me
tenkte. Han Erik Strype hev vori hit og dytta i Stogo
med Mose og Drev, so ho kunde bli tett til Vinterbruk;
men han hev kje vorti ferdug; der er Rivur i Veggine
som me kann sjaa utgjenom, og Hol uppunder Take
som me kann stinge Armen i; atturn Skorsteinen er
der so opi at det stend som ein Straum av Vinter inn
millom Veggen og Muren. So flyg me og dyttar og
dyttar med vaare Fillur all Stad, stappar og dyttar,
dyttar og stappar, mest upp-yyi Sengi, der det kann
turvast som mest. Sistpaa er heile Sengi innklædd
som i eit Tjeld: eit stort raudt Stikkteppen øvst uppe
til Himling, og Plagg og Aaklæde rundt Veggjom; no
ser Sengi ut som eit Fuglereir.
Han Erik hev lova aa køyre heim Turrved aat oss;
men han hev ikkje Stundir enno. Han er aaleine der
upp-i Aasen med det vesle Gardsstelle sitt, og hev nok
aa gjera. No er det snart joli; han maa gjera Sko til
ho Eline, og til ho Sigrid med; dessutan maa han
stelle paa Husi sine til Vinteren, og paa Reidskapen
sin; so stend han ved Hyvlebenken den eine Dagen
og i Smia den andre; rett som det er maa han til
Steien, eller til Auma, til Handlaren, etter Mjøl og
Mat; og so skal han ender og daa burt-i Gala og
hjelpe Gardsen med eitkvart; er det Ver ein Dag, so
maa han inni Fjelle og skjote Fugl. Men endeleg fær
han Stundir eit Par Dagar til oss med; og so fer han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>