- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
97

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 97

rundt i Skogen med den vesle Merri si og finn
Turrved til oss i Mengd, og Feitved og Rotved, Lass etter
Lass, so me reint maa undrast. „At du kann finne
so mykje turr god Ved no i all denne Snøen!"
„Aa," smiler han Erik; „det er kje noko Snø aa
snakke um enno; me fær nok meir, skal de sjaa!" —

Og so byter han Ola Komfyr med oss, som sagt;
for hans dreg betre, av di der ikkje er Steikjeomn i
han. So tarv daa kje ho Hulda staa i Gruva med
Skjerdingen og mødast naar ho skal koke Mat; men
baka i Gruva maa ho.

— Ja, den Bakingi.

Der er so mange Ting! Mjøle maa vera godt, og
Gjestren maa vera god ; skal Deigen gaa upp maa han
dertil hava det varmt baade Natt og Dag; det er mest
raadlaust. Og so er der alle Slags Kunstir og Knip
med Knading og Handfaring baade fyrst og sist; men
det verste er Steikingi. Hev ein so ikkje Greidur
som til høyrer, men maa steikje paa ei Jønnpanne i
ei Gruve ... so kann du sjølv forstaa koss det maa
bli, um du aldri so mykje er Ungkar. Sume Stadir
vil Brøde bli brennt, andre Stadir vert det kje steikt;
so vil det ikkje gaa upp, og so vert der Daudrand
. . . ho Hulda er so i Ulag at ho græt mest stundom,
naar ho gjeng og masar med denne Bakingi og ikkje
fær det til.

Ho hev aldri baka fyrr, og ikkje steilt Mat heller,
so du maa tru det er ikkje greidt. Og Hanna
Vinsnes er kje for andre enn slike som hev lært det meste
fyrr, veit du.

Men kann de kje kaupe Brød? — spyrr du viseleg.
Det er daa kje so langt til Auma; gakk dit, du late
Hund! det hev du godt av.

Aa ja; no, daa eg hev lært so vidt aa staka meg
fram paa Ski, so gjeng eg nok til Auma. Men um eg
kjem dit, so er det kje sagt at Handlaren hev Brød;
stundom hev han ikkje Mjøl heller. Og dessutan,

7 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free