- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
98

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

98

KOLBOTNBREV

desse Aumaferdine ... ja dei er stride dei, for ein
lat Hund. Det gjeng ikkje berre den Dagen; men
naar eg kjem heim med Skreppa full av Mat og andre
gode Ting, som Kaffi, Salt, Sukker; kanskje eit Spand
Sirup; kannhende ein Pose Jordeple paa ein Kjelke
attpaa ... eg er so utmasa at eg gjeng i tvo Dagar
etterpaa og berre kviler; men det hev eg ikkje
Raad til. Eg skal skrive paa „Uforsonlige" au;

— det eine maa bli gjort og det andre ikkje gløymt;
Raad til aa leige Mann for meg hev eg ikkje heller,

korkje til Skriving eller til Aumaganging.

Men det ferdast daa Folk ned-yvi rett som det er?

— Aa ja. Men det er kje sagt dei hev Stundir til aa
høyre innum paa Kolbotnen.

Mjølk fær me burtpaa Trøan; han vesle Olaf kjem
staukande kvar Morgon paa Ski med eit Spand Mjølk;
og so set han seg burtmed Aaren og kviler. Fær seg
ei Vaffelkake kanskje; den smakar visst. Men han
segjer kje noko utan me spyrr han. „Du Olaf," kann
ho Hulda segja; „Far din skal vel ikkje ned-yvi til
Auma no snart? Eller til Vesl’elvdalen ? Han fer
vel ned-yvi ender og daa, han som hev Hest?" —
„Aa ja—a," muller han Olaf. „Me skulde so endeleg
havt noko Brød ... og noko Sukker; ja noko er det
rett som det er; og dessutan Posten; du fær segja
fraa, du Olaf, naar du høyrer Far din skal ned-yvi."

— „Ja—a," segjer han Olaf. — „Skal han kje ned-yvi
no snart, trur du?" — „Mmm . . . veit kje; det bi
vel kje paa ei Tid no att; han er ned-yvi i Dag, han
Far." — „I Dag! — Nei men kvi sa du kje det sist,
Olaf? — Og eg som bad Mor di sende Böd hit, naar
Far din skulde ned-yvi . . . Nei so ille som dette var
daa." Han Olaf gneg paa Kaka si og mullar. „Ja
men no maa du hugse paa dette, Olaf! — segja fraa,
naar du høyrer gjeti nokon som skal ned-yvi, kven det
so er!" — „Mmja—a."

Vesl’elvdalen: „Lille-Elvedalen".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free