Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 99
Aatte Dagar etter sit han Olaf ved Aaren som vanleg.
„Skal Far din ned-yvi no snart?" spyrr ho Hulda. —
„Han Far var ned-yvi igaar, han." — „Jaso!!" —
„Men du kunde ha fengi Bö med ’n Erik, du, hadde
du vilja." — „So; naar skal han ned-yvi daa?" —
„Han Erik?" „Ja?" — „Eg veit ikkje eg, no;
men han er ned-yvi i Dag, han."
Ho Hulda tagnar og ser paa meg; eg dreg paa
Aksli. „Sjølvhjelpt er velhjelpt," segjer eg; „ingi Naud
so lengi ein hev Føtar aa gaa paa!"
Ho fekk nok meir aa gjera enn aa passe Sjapa lel,
ho Hulda. Men so narra ho meg med Kjøtkakune ho,
so det kann gaa upp i upp.
Ho gløymer no ikkje Sjapa heller, icor den Skuld.
Det er ikkje anna enn Sjapa fraa Morgon til Kveld, og
„Sjap" og „Sjaperlapp" og mykje og mangt; og eg er
„Kammertjener" hjaa Sjapa; so at spyrr du etter
Herren her i Huse, so er det Sjapa det, so mykje du
veit det.
Men det er Bikkje som det er Gagn i au. Ho er
fraa Kautokeino og er meg seld for Finnehund; svart
er ho so det glansar av henne, og kvit i Bringa; tri
kvite Haar hev ho paa Rumpetippen med, og aldri so
lite Kvitskvettar paa Labbane. Eit Par forlivande
blanke Ango hev ho, og eit lite fint Hovud som stend
godt paa Halsestubben; men i den andre Enden er ho
noko tung, so ho er ikkje ulik ein litin Bjørn, naar ein
ser ho fraa Sida.
Ho hev ikkje store Krav. Men ein Ting maa ho
hava; og det er Maten. Den fær ho aldri for mykje
av, kann eg tru. Men so er ho gild med det at ho
ét alt Slag. Potetskrell, Fiskebein, Filtskor, gamle
Brøkar, „Verdens Gang", Fuglevengir, Skinnfeldar,
Furuved, Hestelort og utruleg mykje anna gneg ho i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>