- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
105

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 105

taka ei Beinieid. Rette-Vegen vil liggje nedanum det
Holte paa Lag; eg tek Beinleidi.

So snart eg kjem utanfor Veglaami gjeng Sneen til
Knes. Men lat gaa; det kann ikkje vara lengi.

Snøen vert djupare og djupare. For kvart Stig sig
eg lenger ned-i; snart gjeng det langt uppaa Laare,
men eg driv paa. Sveittar og bannar, sveittar og
kviler; huff; dette var fælt. — Endeleg.

Der er Vegen. Eg krabbar upp-or Snøfonni; dreg
Anden djupt; sopar Snøen av ein Stein og set meg.
Du kann turve noko aa styrkje deg paa no, segjer eg
til meg sjølv.

Vaffelen smakar, endaa han er kald so han iser i
Tennane. Paa Lümmeflaska hev eg ei Blanding av
søt Mjølk og Kognak; den smakar endaa betre. So
legg eg i Veg att.

Um eit Bil kjem eg til ei Kolmile. Der endar
Vegen. Ja-so. Naa. Sjølvsagt! Eg hev so gode
Stundir i Dag, maatru . . .

Eg ’egg paa Snøfonni att. Den vert djupare di
lenger ned eg kjem. For kvart Stig sig eg i so langt eg
er klovin. Huh. Klokka tor eg ikkje sjaa paa.
Endaa godt at det er Upphald att. Skyut er det enno,
men kaldare; til Kvelds kann det hende det kiaarnar,
so eg kann faa Maane paa Heimvegen.

Klokka halv tri er eg paa Vegen. Her kjenner eg
meg att. Naa; det var kje for tidleg. Eg legg til
Sprangs trøytt som eg er; kunde eg endaa vera her
uppe att til Klokka fem eller so . . .

Gudskjelov; der er Straumen. No er det ikkje
so langt att. Drive paa, drive paa . . .

Uh; der hev me Hundane. Fraa kvart Hus og
kvar Hytte hjem det skvakkande ei Bikkje:
Finne-hundar, Bjørnehundar, store Hundar og smaae Hundar,
ein graa, ein annan svart, ein sint, den andre sintare;
like inn i Leggen paa meg flyg dei; gøyr som for
Betaling, skvakkar og gøyr, med gneistrande Augo og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free