Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
106
KOLBOTNBREV
Sküm paa Tennane; sankar seg ihop til ein heil Flokk;
eg kjenner knapt Føtane eg gjeng paa. Kvart Skvakk
gjev meg ein Støyt gjenom heile Nerveveven: upp
gjenom Ryggen, i Hjarta, i Hovude; eg kjenner Haare
reise seg; Andlite stivnar ikring Munnvikine; Augo
ser Skuggar; det susar for Øyro; Hjarta slit i meg;
eg ventar kvar Stundi aa kjenne hoggande Tennar i
mitt arme Kjøt. Som jaga av Djevlar flyg eg nord
gjenom Lidine; Hundeflokken etter meg; ikkje eit
Menneskje aa sjaa . . . Endeleg finn Hundane at dei
hev berga Grendi si. Dei gjev seg etter. Att-i ein
Bakke stend dei og gøyr; og ein i Senn skvett fram
ein Gong imillomaat, skal vise meg at dei er med;
paa hastande, nervøse Føtar flyg eg snøgg som ein
Vind; til Slutt er det berre den store svarte
Bjørnehunden som stend att upp-i Bakken og sender meg eit
Skvakk so ender og daa: kom att, du! — berre kom
att du! —- berre vaaga deg, du! — Fritenkjaren!
Eg kjem inn paa Landhandlarbui so utmødd at eg
lite fær upp Mæle. Brød? Finst ikkje Brød. Mjøl?
— Aa ja; litegrand Mjøl ... Og Salt? — Og
Sukker? — Sistpaa hev eg Skreppa mi rett tung og full.
So er det ned til ’n Olaus etter Posten; der er tri
Dagblad og ei Rekning. Og eg som venta so paa
Brev; naah. Eg tømer Lümmeflaska mi; ét den siste
Vaffelen; skyt Hjarta i Live og legg av Stad. Klokka
seks er eg uppe paa Skogvegen.
Det gjeng ikkje verst. Det er skumt og myrknar
fort; men eg kann daa sjaa Leidi. Der er noko
Krangel her og der: Vegar som tek av; Vegar som
eg ikkje kann hugse; men eg freistar meg fram, og
greider det. No berre taka det rolegt; halde Mode
uppe og Hovude klaart; um ein Times Tid finn eg
att Skli, og so er eg berga; Føre besnar no.
Det held paa myrknar. Men enno kann eg timja
Vegen. Han dreg seg gjenom Snøen som eit myrkare
Band. Snøen er ein god Ting; er det Snø so vert
det aldri fullsvart . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>