Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
112
KOLBOTNBREV
Eg forstend sistpaa at eg maa vera komin for langt.
Eg hev gjengi yvi Vegen og ikkje gaatt til han. Elvi
vaagar eg ikkje gaa lenger. Ho syng imot meg med
svarte Djuv allstad, tykkjer eg. Naar eg støyter med
Staven skraavar det som i Skrauv-is.
Daa er det berre ei Raad att. Frametter Lidi vinn
eg ikkje. Men um eg freista og koma uppaa Høgdi?
Tvert gjenom Lidi; rett upp? Øvst uppaa Bakkerése
maa Snøen vera mindre djup. Gud veit; kanskje kann
eg finne Vegen au der. Eller ei Sæter. Ein kann
gjera upp Varme med tvo Trepinnar, segjer dei . . .
Ein kann det ein maa. Symjande, krabbande, Fot
for Fot, i smaae Tak, baskar eg meg upp gjenom
Snøfonni. Kryp paa Kne; fløyter meg uppe med Skistaven ;
Skreppa tyngjer, Raggsokkane bind meg; — eg Asen
som ikkje hev funni paa aa draga deim av meg; —
sig nedi stundom og vert liggjande, kavar meg uppatt;
kviler, pustar, skyt Hjarta i Live; freistar ein Gong til;
kjenner meg som eit Skogdyr, ein Bjørn med ei Kule
i Laare, ein Mann paa ein Planke i eit Hav; —
sistpaa kjenner eg at Snøen minkar. Eg kann gaa paa
tvo att; andar langt ut og fær Mod. Snart er eg paa
Høgdi. Eit kaldsurt men friskt Vinddrag slær imot
meg og stiver meg upp. Sr.øen gjeng berre midt
uppaa Leggen. Innunder Furetrei er det mest bert;
so legg eg Vegen min innunder so mange Tre eg kann
finne; krøkjer meg fram fraa Tre til Tre som ein
Tjuv; kjem innpaa ein Mo der det tek til aa liksom
ljosne inn-yvi; det er visst eit Vatn eg kjem til; den
som visste ... eg maa vera komin ovanurn alle Aasar.
Men ei Sæter finn eg nok . . .
Kva er dette? —- Fast Snø under Foten! — Veg!
— Vegen! — Eg er berga! Eg er kje det Slag trøytt.
Eg kann gaa ei Mil til, um so skal vera. Pytt san!
Men denne Sjøen daa? Og desse store graae Steinane?
— Hjarta tek til aa hamre i meg . . . Aa nei; det er
berre Tuvur. — Nei; det er Steinar. — Nei . . . ved
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>