Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV 1 121
Kong Potifar . . . det er . . . korkje Tuvur eller Stein.
Det er Naustr. Naustr er det. — Naustri??
Ja; det er Naustri. Det er Sivil-Osen. Det er
Savalen. Det er Vegen; rette Vegen. No berre ei
halv Mil inn-yvi flate Sjøen, so er eg heime. Det er
som Skreppa lettnar paa Ryggen no. Ikkje denne
Gongen, sa Tordenskjold! -
— Eg var gul i Andlite daa eg steig inn paa
Kolbotnen den Kvelden. Eg stabba burt til Gruva, seig
ned paa ein Stol og kunde so vidt faa fram eit einaste Ord:
„Vin." ’
Det var kje so greidt, ser du!
Men no hev eg lært. No veit eg, at den som vil
liva tilfjells, han maa upp um Morgonen. Den som i
Ti’enn er ute kjem i Ti’enn fram, heiter det her. Og
so hev eg lært ein ny Veg, so eg slepp Hundane. Ei
Auma-ferd i Klaarvér no er noko med det gildaste eg
veit, endaa Skreppa er tung, og endaa eg maa agte
mine Øyro so eg ikkje frys deim av meg.
Det kann visst vera upp til ei 40 Reaumur-Gradir i
Solrenningi. Det er so kaldt at ein hoppar og sprett
som ein Fisk til aa halde seg varm. Men Overfrakke
brukar eg ikkje; det vilde vera Synd, det, i slik
sprakande frisk Luft. Berre ein vinn røre paa seg, so frys
ein ikkje — utan paa Øyro.
Og no tek Soli til aa straale yvi det endelause
Snø-have. Det er Luftblaatt og Solgull og Snøkvitt i ein
smellande Glans. Daa lettnar det um Bringa um ho
er aldri so tyngd; og ein ser ut yvi alle ljose Viddir og
undrast paa um det er sant at det finst Sut og Sorg
paa ei Jord som fær liggje og strekkje sine kvite Lemir
i slikt eit Bad av Sol og Æther.
1 Blyantsmerknad:
„Han sa Portvin; det visste han me hadde. Men det klinger
vel ikkje so godt. H."
(Setjaren )
8 — Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>