Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
114
KOLBOTNBREV
Naar eg paa Vegen heim att kjem so langt som til
Osen, ligg Soli yvi Einundfjell og skal til aa gaa ned.
Upp mot den øvste Ryggen av Naustrdalsaasen stend ei
Toll; reint for seg sjølv stend ho der uppe i Snøen;
naar eg fraa Osen fær sjaa den Tolli i Solegladsroden,
er det som eg i eitt Bilæte ser heile denne straalande
Fjellvinteren vaar. Ho ser ut som eit Tre av
Gullglans mot den innblaae Sudvesthimilen; eg stend og
stirer paa dette Undrsyn og sig burt i Draum.
Fyrr naar eg kom heim fraa ei Ferd hende det jamt
at ho Hulda sat og sauma, men reiste seg og gøymde
Saumen naar ho saag meg; og ho rodna eit Grand,
men smilte so underleg.
No sit ho med Saumen jamt, ved det same lange
Borde som eg brukar til Skrivebord. So kann det
hende at ho viser fram eit eller anna halvferdugt lite
Plagg og spyrr um eg kann forstaa kva det skal vera
til. Eg glor og slær meg faamin. „Jøss," segjer eg;
„du syr daa vel kje Brok til Sjapa?"
Elles røder me baae tvo no um han vesle Fyren
som skal hava alle desse rare Ting; for det er Gut;
det veit ho. „Kor kann du vita det?" segjer eg. —
„Jau eg veit det." — „Det er vel av di du helst vil
det skal vera Gut." — „Nei eg er stød paa det er
Gut; eg kjenner det er Gut; ei Gjente vilde vera
rolegare." — „Ha-ha." — „Det er sant!" — „Er han
so uroleg, denne daa?" — „Aa han spenner meg so,
at •—; her igaarkveld sat eg med eit Avisblad paa
Fange, og so spente han meg so Blade datt ned." —
— „Tøv." — „Det er beint fram sant. Blade datt
ned av Fange paa Golve, endaa eg ikkje rørde meg.
Eg snakkar alt med ’n stundom." — „Kva segjer du
til han daa?" — „Eg segjer det er stygt av han aa
spenne Mor si." — „Heh!"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>