- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
115

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 15

— „Eg er viss paa du au helst vil det skal vera
Gut," segjer ho. — „Du vil daa det?" spyrr eg. „Aa
ja. Isj; det er vondt for deim som skal vera Kvende."
-— „Ja men Gutane er verre aa styre, dei." — „Aa
pytt." — „Gjentune er stille og snille; men Gutane
finn paa alt som gali er." — „Han skal faa vera som
han vil, berre han blir frisk." — „Og so maa det vera
Vit i ’n!" — „Aa; det fær vera som det kann. Dei
kloke fær det sjeldan godt, trur eg." -— „Naa; me vil
endaa helst vera kloke. Men no er han som han er
no; der er kje meir aa gjera ved det." — „Aa, han
blir nok frisk." — „Men so blir han ei Udygde; flyg
etter Gjentur og slikt ..." — „Ja det vil eg daa tru!"

— „— og det kann gaa gali paa mange Maatar." —
„Ja han maa kje bli altfor ustyrin; men eg vilde nok
gjerne han skulde bli lite Don Juan." — „Vil du det?

— som sjølv er Kvinnfolk?" — „Ja han skal kje vera
altfor leid med Gjentune, skynar du, men . . . Aa,
dei blir nok glade i Dutten min, skal du sjaa!" —

— Vaart eigi Liv kjem me ofte innpaa. „Er det kje
rart at me aldri saknar Folk her uppe, du?" kann ho
spyrja.

„Det er utrulegt."

„Den einaste er Savalguten. Ja-ja; det er gildt naar
andre og kjem."

„Ein kjenner seg i Grunnen aldri aaleine her, nei.
Kannhende det er Skogen."

„Ja der er Selskap i Skogen; det er visst."

„Ja. Han er liksom —. Han stend her so logn
og trygg ikring Stogo og susar og syng og er med i
dette Live vaart ... og so er der det gode ved Skogen
at han aldri segjer noko; ikkje bryr oss med Snakk;
ikkje bed oss til Middagar der ein skal vera elskverdig
og snakke Politik og Kvinnesak og døme Bøkar . . .
Han berre stend der og susar han, og tenkjer paa sitt,
og læt oss tenkje paa vaart; tegjer til alt og liksom
forstend alt ... . ein vert glad i Skogen."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free