- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
116

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116

KOLBOTNBREV

„Ja og so denne Peisen. Den er det og Selskap i."

„Det er og slik ein god Vén som tegjer og skynar."

„Ja naar det brenn paa Aaren er ein aldri aaleine.
Eller berre det ligg og gløder og gløder ... det er liksom
eit stort Auga som ser paa ein og tenkjer paa Raad."

„Ja den Aaren. Det vert noko for han „Dutten"
det — som du kallar han." —

„Aa —! Ja det blir noko for Dutten det!"

„Tenkjer nok det. Men so vil han uppi; og so
brenner han seg; og so skrik han."

„Aa pytt; eg skal nok passe Guten min eg! Aa
nei, so rart som det er aa tenkje paa, du!" —

Ikkje minst vert det Samanlikningar millom fyrr
og no.

— — „Eg forstend kje at eg hev kunna liva der
inne i Byen," kann eg segja. „Naar eg hugsar desse
„Værelser" med berre ein stygg, svart Omn i . . .
dei er livlause, slike Rom; som Landskap utan Vatn."

„Ja dei er graae og daude. Og so innestengde
liksom; det er so langt etter Himil og Luft."

„Ingin Husgud som liver med i alt . . . dei er
gudlause, desse Romi. Og ingin Natur utanfyri; berre
ei Gate der Byraachef Dingel og Redaktør Dangel gjeng
att og fram millom tvo Husnummer, No. 11, der dei
hev Kantore sitt, og Nummer 18, der dei hev
Matborde og Sengi . . . Ingin Husgud, ingi Naturaand;
tomt, graatt . . . ikkje noko heilagt attum Kvardagen,
ingin Draum, ingin Mystik . . . Nei; Byane maa bli
brende."

„Ja, og tenk: aa ha Skogen naar han kjem!" —

„Det er sant; for Guten blir Skogen gild, med si
gode Luft og sine Fuglar og Litir."

„Aa, det er kje til aa tenkje paa! Eg kann kje
forstaa det! Tenk slik ein litin Helle-Dusten som stabbar
um paa smaae hjulbeinte Fotstubbar og segjer Mama —!
og Papa —! aah! — nei; det er ikkje til aa skyna."

„Det vert rart."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free