Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 117
„Aah!! — — Det vert slik, at —; nei eg kann
aldri tru det kann bli. — Det er so forunderlegt; so
gaatefullt ... aa, du forstend det kje, du; — nei!
du forstend det ikkje." — —
— — Et par Timar um Dagen stend eg ute og
høgg Ved; det er godt for Helsa; og so sparar eg
fem Kronur for Vedhogging.
Ein Dag som eg stend og masar med ein seig, vrang
Kubbe — ein ægte norsk Odelsbonde, som eg kallar
han for meg sjølv, — høyrer eg ho Hulda ropar
paa meg.
Eg inn.
Ho sit og halvt ligg i den graae Morgonkjolen sin
paa den store brune Kassa me brukar til Matbu; ho
er falmende bleik og bed um Vatn.
Ho fær Vatn og kjem seg aat Sengi. „Eg heldt
paa aa uvita," segjer ho.
Um ei Stund er ho uppe att. Men ho er veik i det
heile. Ho hev Ridir med Hovdaverk og Svimring,
Angest og Graat.
„Eg klarar det ikkje," meiner ho. „Eg er viss paa
eg døyr. Det hender ofte at dei døyr fyrste Gongen."
Eg finn paa alt eg kann til aa friske paa Mode.
„Det er nok dei som døyr; men det er helst
Bykvinn-folk som hev pint seg so lengi med Korsett at
Inn-reiden er komin i Ulag. Du er stor og sterk og hev
kje havt Korsett paa din Kropp i fleire Aar ..."
„Nei Gudskjelov; det er det som trøyster meg no.
Tenk . . . um han skulde faa lide i kanskje heile sitt
Liv, av di Mor hans endeleg maatte vera stram og smal
um Live — uff; eg kann kje forstaa at dei kann halde
ut aa tenkje paa det. Skulde nokon misse Live, so
maatte det vera slike!"
„Ja, ja, dei vert straffa paa Live og ofte. Eller
pinte i Dagevis, so det var mykje lettare aa døy."
„Og Doktrane som ikkje forbyd det! — Dei skulde
misse Live fyrst!"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>