Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126 KOLBOTNBREV
„Aa ja; det kunde vera gagnlegt, kannhende.
Men du skal kje vera rædd. Den som liver paa
rimeleg Vis, so er kje ei Barnseng so faarleg. Sjaa
Bondekjeringane! Sjaa ho Anne! Ho legg Ungen
fraa seg so ekspedit at der vert ikkje so mykje som
Tid til aa hente Jordmor. Og Finnemødrane! Dei
slengjer seg ned i Snøfonni og yngjer naar dei hev ei
Stund; og so tullar dei Ungen inn i eit Skinn og tek
sine Ski og stend ned alle Bakkar til dess dei kjem
dit dei hadde tenkt seg, og hev ikkje gløymt Ærende
sitt dessmeir!"
„Aa nei; det er visst berre noko Tull det, at Kvinna
skal føde sine Born „med Smerte" ..."
„Det er berre Kultur, ja. — Og so naar det lid so
langt, so reiser me ned til Tynnset; der er Doktar
og Apotek og alt; so me kann vera trygge, — u m du
no ikkje skulde vera Finnekjering heilt ut."
„Ja: eg hev tenkt paa det. Det vilde vera fælt aa
vera so langt ifra Hjelp, um noko skulde hende."
„Sjølvsagt fløt me til Tynnset; det er noko me
maa ha Raad til. Eg vert ferdug med Uforsonlige til
den Tid; og so vert me rike .... eg fær kanskje
tusund Kronur for den Filleboki" —–-
Etterkvart vert ho roleg. —
— Og so fær du gjera deg ferdug, daa,
„Fedraheim", til aa taka imot oss paa Tynnset! Gløym ikkje
Æreporten!
Tredie Breve.
Kolbotnen, 25. Mai 1889.
Gode „Fedraheim".
Idag er Tuften eit Aar gamall. Det er greidt me
held Fest, endaa me er heller noko utmødde; og daa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>