Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
komi av det att. Ho hadde misst Hügen. Ho vilde
helst vera der ho var.
So stod me der. Hulda kunde bli liggjande kva Dag
som helst . . . Me gav oss til aa lyse etter Gjente
i Bladi.
Jau; so kom det ei. Ei einaste ei. Og ho var
fraa Tyldalen.
Det var ei diger, firkanta Budeigje paa sekstan Aar.
Hadde aldri stelt i Hus fyrr; kom like or Fjose. Laga
Mat? — Jau det kunde ho vel, endaa ho hadde aldri
forsøkt det. — Stelle eit Barn? — Aa jau; det kunde
ho visst; men ho hadde kje gjort det fyrr. Kor mykje
ho skulde hava i Løn? — Aa ho fekk vel hava paa
Lag som andre Innegjentur. „Ja men kjære deg, naar
du ingin Verdsens Ting kann?" — „Ja . . . han Lars
Øvstimostugunn hev no og tinga paa meg daa, og han
Bersvein Nedstimostugunn med; eg fær vel gaa til ein
av deim, eg daa." Ho Hulda tinga kje meir. Ho
gav henne Festepengar og fekk henne til aa skrive
under med Svart paa Kvitt, at daa og daa skulde ho
koma. „Ja men eg vil berre vera her ein Maanad
for det fyrste," sa Gjenta; „likar eg meg ikkje, vil eg
gaa att." — „Ja berre skriv under," sa ho Hulda.
Og so hadde me Gjente! —
— Ho bar Vatn og Ved aat oss; meir kunde ho
ikkje. Alt anna me sette henne til, ugreidde ho for
oss; og so var det ein annan Ting, ein unemneleg
Ting . . .
— Nei no skrik Ungen. Eg maa inn. Gud veit . . .
Dagen etter.
Naa; det var Budeigja. Ja, ser du; det fæle var . . .
ho kom beint or Fjose og hadde ymist ulært; med eit
Ord sagt: ho brüka kje Lümmaplagg!
Det vart ein vond Maanad. Men han fekk Ende
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>