- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
125

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 125

ein Gong, den med. Og so kom Budeigja —- Hulda
laag enno; Guten var komin, ser du — so kom
Budeigja og sa at ho skulde til han Lars Øvstimostugunn
og vera Vinn’kulle. „Gakk i Guds Namn," sa ho
Hulda. Eg gav henne den Løni ho skulde hava; ho
var sur for ho ikkje fekk Drikkepengar. So gjekk ho.

Det var den! -—

— Daa me kom her upp til Kolbotnen att ifjor Sümar
fekk me stundomtil laane ho Eline, dotter aat Strype’n.
Ho var glup, men berre trettan Aar. Og rett som
det var maatte ho paa Skulen; eller ho laut heim att
og hjelpe Mor si. Ei Tid hadde me henne Inger,
Syster hennar Eline; men daa Eline skulde til Røros
og gaa for Presten, laut ho heim att ho Inger med.
Og so fekk me greide oss som me kunde.

Ho Hulda vart reint harm stundom. „Dei hev det
so maklegt hjaa oss som dei aldri fær det, desse
Gjen-tune, og ét ved vaart eigi Bord og blir medfarne som
Born i Huse; og dei fær den Løni dei sjølve vil hava;
men endaa skal det vera liksom ein rein Naade um me
kann faa deim!" Ho lova tilsist paa det, at ho skulde
ikkje spyrja etter Gjente meir, korkje paa Strype
eller andre Stadir.

Me stelte oss so, at eg skulde hava Guten um
Ettermiddagen, so ho Hulda kunde faa sova daa; like
eins skulde eg passe han um Kveldane utetter til
Midnatsbil; Resten skulde ho klara sjølv, meinte ho.
Ja; me freista.

Men daa det leid av ei Tid, og ho Eline var
att-komi fraa Røros ... det var kje so greidt aa klara
det som me hadde tenkt . . . daa tok me til aa slaa
innpaa um, at ho Eline godt kunde faa koma hit att,
um ho vilde. Men so ein Dag vart det oss sagt, at
Strype’n hadde stedt Eline burt hjaa han Per
Lang-myraasen til Budeigje.

Vinnekulle: Gjente som er med i Vinne-(Onne-)Arbeide.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free