- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
127

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 127

Naade og Miskunn og ævugt Liv yvi Olaus Fjørtoft
og Arne Garborg, tvo Mennar som han i sit Hjarta
visst dømde ned-i Helvites alradjupaste Kjellarhol.

— Men av Fjørtoft er „Tuften" laga. Det er slikt
eit høvelegt Smaagutnamn, dette; Tuften er paa norsk
det same som Nissen; og ein liten Nissegubbe er han,
— Troll-ungen. — — — —

Fjorde Breve.

Kolbotnen ?te Juni 1889.

Gode „Fedraheim".

Dagatale veit eg ikkje. Me hev gløymt aa kaupe
Alnakke, og er daa dagville rett som det er.

Det hender at det kjem eit Menneskje, so me kann
spyrja oss fyri; men det maa helst vera eit
Bymenne-skje; Fjellfolk hev for det meste anna aa tenkje paa.
Elles hjelper me oss me Reguladetri: tek dei Bladi
som sist kom og reknar etter deim: naar det var den
3die sin Torsdag, kva skriv me daa i Dag, som er
. . . Tirsdag visst? Men er Bladi burte — dei vert
nytta til mangt dei —, so stend me der, til dess
nye kjem.

Byfolk og Breidbygdingar vil flire aat slik
Fjell-mannskap; tenk! gaa der uppe raadlaus for ei Alnakke
naar ein hev Posten inn-um Dørine annankvar Dag!

Tja. For det fyrste hev me 3—4 Fjording Veg etter
Posten. Og for det andre so fær ein det med Ro og
Tolmod her uppe.

Det er Høgfjelle som gjer det, trur eg.

Stødt og fast stend det gjenom Tidir og
Endeløy-sur. Rikkar seg ikkje. Stormar kjem faranda som dei
vilde velte Verdi; Tora skangrar og smell; Is legg
seg og losnar med Brot og Brak; Flaumar flyg upp og
flyt burt; Vinter og Vaar og Sumar og Haust fer og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free