- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
128

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

KOLBOTNBREV

kjem att; Fjelle stend. Sol og Maane og Stjernur
sveiver seg og sviv; Skogen veks til og rotnar burt;
Elvar grev seg Veg og Votn gror til Myr; Myr vert
Aakr og Aakren vert Heid; Fjelle stend. Ættir og
Folkeslag skifter, aukar og minkar, sjuknar og frisknar,
fødest og døyr; Aldrar og Ævur kjem og kverv; Fjelle
stend. Sistpaa vert all denne Skifting so lite sætande.
Inkje aa bry seg um. Det er Utside og Skapnad
som skifter, Skodde og Sky som sankar seg og
spreidest; Grunnen, Grunnlage er som det var og
vert som det er; me liver i Æveheimen.

So sig det innpaa oss, dette endelause Tolmod som
aldri hastar. Det er so stutt fraa Aar og til Aar.
Desse Skyflokane som samlar seg spreidest snart; og
so er det som fyrr att.

Ein lærer seg til aa rekne med romlege Tidir.
Dagar er inginting, Vikur og Maanar lite nemnande;
det ein kann fara til med er Aarstidir og Aar. Berre
til aa læ aat for ein rett Fjellmann er denne andpustne
Byhast som fer med Tunga ut i Tandgarden og pæser
og sveittar og reknar med Timar og Minuttar og knapt
hev Stundir til aa snakke med Folk; alt maa vera
avgjort og uppskrivi strakst, strakst, og so ajøs, —
lengi fyrr ein Fjellmann vilde vera ferdug med
Inn-leidingsformine.

Denne Hasti gjeng av oss her. Me veit at Verdi
stend der ho stend anten Klokka er fem eller sju, og
at ingi Kjering ligg daud um det og det ikkje nettupp
kjem i Stand til den fyrste November. Tvo til tri
Maanar er det minste ein Mann kann hava aa laupe
paa; og ein avtalar aldri noko annarleis enn so „til
Vaaren", „til Vinteren", „til Sümars att", eller „ein
Gong naar det kann høve".

Er ein komin inn i dette, so gjeng det utruleg
godt. Og det kjem eit Lag yvi deg, ein Sleng, so
Bymannen flirer. ,,Aa-i-haa! Dra paa! Kjem me
kje so braadt, so kjem me seigt og smaatt; og vert

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free