Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
aldri tru anna enn at det hev vori Styggen sjølv, som
kom att i ny Ham og lærde Folk aa eta av
Kunn-skapstrée paa ny Gjerd; han totte vel ikkje han hadde
fengi øydelagt oss nok fyrste Gongen. Men so fekk
han gjort det dess betre no. For med Prentekunsten
byrjar den Nedgangen som det i denne Tid er komi
so langt med, at det knapt finst ei Tenestgjente lenger
som ikkje vev Romanar eller spinn Vers og barskar
seg paa desse Bokreidar-Toskane og denne Saueflokken
til Aalmenning som ikkje hev Sans for Poesi; isj da!
Ja hadde kje Prentekunsten vori, so hadde kje eg
heller siti her no og laga Bladmat til deg i Staden
for aa driva paa med Gagnsarbeid.
Du legg Fingren paa Nosi og undrast med deg, kva
Gagnsarbeid vel eg skulde kunna duge til. Og lat
so vera; det vilde visst ingin leige meg til
Arbeidskar um han so fekk meg for Maten. Altfor mykje
gjeng det paa denne nye norske Maaten med
Draumar og Skryt um det ein vil gjera, og sju Sorgir og
aatte Utdrygjingar naar det gjeld um aa faa det gjort.
Men eg kann daa innbille meg at eg gjer Gagnsarbeid
stundom.
Og daa trivst eg. Aa, det er godt for slik ei
Bok-Krøkle aa faa fikte eit Grand med Spade og Grev;
kann ein ikkje faa anna gjort, so fiktar ein daa so
lengi til dess ein fær drivi ut dei Djevlane som kallar
seg Tankar; dei kjem so burt for meg at eg hugsar
deim ikkje meir. I Staden vert Hugen min fyllt med
Sümardis og Sumardraum; eg gjeng i eitt med Live
ikring meg. Aldri forstend du Fuglekvitring og
Gauke-gal og Bjølleklang i Lidom og Hauking fraa Høgdir
og Rauting og Rop fraa Aas og Fjell og Bekkjesikl og
Skogsus og Surring av Humle og My og Fiy, — aldri
forstend du det so godt som naar du stend med Hakke
og Spade og driv paa so din Visdom somnar av; all
igjenom vert du roleg og trygg; Sümardagen med sine
varme Angar av Jord og Vokstr og Myr og Skog sviv
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>